Hopp til innhold

Meiner skandalebok samlar partiet

Liv Signe Navarsete meiner at alt bråket som har kome etter at boka om Ola Borten Moe kom denne veka, ikkje har splitta Senterpartiet. Snarare tvert imot.

Liv Signe Navarsete

BERRE BLID: Liv Signe Navarsete inviterer denne helga til landsmøte i Senterpartiet i sitt eige heimfylke. Nærare bestemt Alexandra Hotel i Loen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I den uatoriserte biografien, som VG-kommentator Elisabeth Skarsbø Moen, har gjeve ut, vert det skildra eit svært turbulent forhold mellom Navarsete og Borten Moe.

Men dagen før landsmøtet i Senterpartiet startar i Loen, meiner Navarsete at denne boka ikkje har ført til nokon ytterlegare splitting i partiet.

– Paradoksalt nok så trur eg den boka som kom ut like før landsmøtet kanskje har samla oss meir enn nokon gong, seier Navarsete til NRK.

– Særdeles samla

Ho vil ikkje gå inn i det som vert hevda er sterke konfliktar mellom ho og Borten Moe og hevdar at partiet går samla i same retning.

–Vi har ulike syn på mange politiske områder, men særdeles samla i forhold til retning, samla i forhold til at vi ønskjer å gå inn i ei ny raudgrøn regjering og plattform i forhold til den, sler Navarsete fast.

Kjersti Toppe og Borten Moe

POLITISK USEMJE: Kjersti Toppe (t.h) meiner at Ola Borten Moe ikkje har spelt på lag med leiar Liv Signe Navarsete.

Får støtte frå Toppe

Tidlegare i dag gjekk den markante stortingsrepresentanten frå Hordaland, Kjersti Toppe, ut med sterk støtte til Navarsete si linje i Senterpartiet og ut mot det løpet ho meiner nestleiar Borten Moe har køyrd.

– Nestleiaren har ikkje spelt leiaren sin god, men heller køyrd eigne løp. Det har berre ei nedside for alle. Dette blir ekstra sårbart for eit lite parti, seier Toppe til Bergens Tidende.

Får kritikk for nakenhistorie

Elisabeth Skarsbø Moen

FORFATTAR: Elisabeth Skarsbø Moen.

Foto: NRK

I Skarsbø Moen sin uatoriserte biografi, kjem det og fram historier om at forfattaren sjølv har vore på nachspiel med Borten Moe der han skal ha kledd seg naken. Forfattaren har fått kritikk for å ta med denne historia i ein politisk biografi.

– Eg har likevel vanskeleg å forstå kvifor episoden er med i boka, den har ikkje nokon betydning, seier politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, til nettstaden journalisten.no