Hopp til innhold

Må bu seg på spleiselag for fiber

Sjølv om utbygging av fiberbreiband pågår for fullt, må truleg fleire gjere som Bjarte Årdal for å få det i hus.

Bjarte Årdal

SER LYSET: Bjarte Årdal og resten av innbyggjarane i Årdalen i Jølster får fiber i løpet av ein god månad. Men det har kosta dei både slit og pengar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Berre 25 prosent i Sogn og Fjordane har tilgang til raske fiberlinsjer. I Årdalen i Jølster har dårleg nett-tilgang vore kvardagen, nokos om har vore til stor irritasjon for mange. Mellom dei Bjarte Årdal.

- Det er ein prøve for tolmodet kvar einaste gong, sukkar Årdal, medan datamaskina hans leitar fåfengt etter kontakt med omverda.

Bjarte Årdal prøvar å kome seg inn på nettet heime i Årdalen i Jølster, men det går ikkje akkurat i rekordfart.

Uhaldbar situasjon i 2013

- Eg er berre ein privatperson som brukar det for å lese litt nyheiter og betale i nettbanken. Eg har mykje bal med det berre av den grunn, seier Årdal.

Men han har større omsut for dei som treng Internett for å gjere til dømes arbeid eller skulearbeid.

- Det er mange som treng Internett for å gjere lekser, og det er vanskeleg å få til. Det er også ein god del som driv bedrifter her som opplever store problem, seier Årdal.

Han har høyrt om folk som har brukt over èin time for å få lasta ned vedlegg til epostar.

- Det er ikkje haldbart at det skal vere slik i 2013, seier Årdal.

I Årdalen er dei leie av å vente og no har dei lagt ned utallige dugnastimar, greve ein kilometer med grøft og betalt 14.000 kroner av eiga lomme. Snart kan dei surfe på nettet som alle andre.

Ser fram til ny kvardag

- I månadsskiftet mai/juni bør dei første vere på nett. Til Jonsok er vi på nett alle, håpar eg. Det er iallfall planen. Det vert ein ny kvardag, vi skal få logge på når vi vil og få gjort det vi skal, utan å lure på om vi kjem på eller ikkje. Det vert himmelsk, seier Årdal.

Fylkespolitikar og ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), er klar på at det offentlege har ei rolle når det gjeld utbygging av breiband.

- Ein del som kan byggjast ut forretningsmessig eller kommersielt, men det vil ikkje vere mogleg i store delar av Sogn og Fjordane, og då har det offentlege eit ansvar, seier Noralv Distad (H).

Må sjåast som del av infrastrukturen

Han legg til at ein tidlegare har rekna veg, vatn og kloakk inn i det ein kallar infrastruktur. Men det må det kanskje endrast på.

Noralv Distad

INFRASTRUKTUR: Noralv Distad (H) meiner breiband må sjåast på som infrastruktur, på lik linje med vatn, veg og kloakk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- I vår moderne tid så er breiband ein heilt klar del av infrastrukturen som det offentleg også må ta ansvar for når midlane ikkje strekkjer til, seier Distad.

- Betyr det at det er kommunane som må trø til?

- Dei må vere med, men staten har også eit ansvar. Det er viktig at vi som representerer distriktet er klare overfor staten. Skal vi byggje landet med den infrastruktur som er naudsynt for at bedrifter skal bløme og leve, så må dei også vere med å leggje til rette for å få på plass breiband, seier Distad.

Dei raudgrøne har allereie komme med fleire lovnadar om at det ligg inne pengar i revidert nasjonalbudsjett, samt at det kjem nye opplegg som skal gjere dette lettare. Om eit regjeringsskifte vil få endå meir fart i prosessen, vil ikkje Distad seie noko om.

- Eg skal gjere mitt til at det i våre krinsar iallfall vert klargjort kor viktig dette er, seier Distad.

Er mange løysingar på veg

- Eg skulle gjerne vore med på at det offentlege tok eit større ansvar, men no har regjeringa valt å organisere det slik at ein går inn med midlar og støttar det med 50 prosent. Vidare er det eit spleiselag der mange gjer som i Årdalen i Jølster, seier Jenny Følling (Sp).

Jenny Følling

SPLEISING: Jenny Følling (Sp) meiner ein ikkje kjem vekk i frå spleising.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ho legg til at det også ligg fiber fleire stadar som ikkje er nytta, og at oppgåva er krevjande.

- Det som er bra er at ein går inn med 150 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for å byggje ut fibernettet til husstandar som ikkje har noko dekning, seier Følling.

Ho legg til at ein også har lyst ut mobilt breiband med høg hastigheit som kan komme alle til gode.

- Det skal ha 98 prosent dekning. I tillegg har du Telenor som byggjer ut 3G-nett, så etter kvart vil det sjå bra ut, seier Følling.

- Men er det ikkje slik at næringslivet helst ønskjer seg fiber grunna kapasiteten, og den manglar vi framleis ein god del av?

- Når Breibandforum har handtert desse midlane til fiber så har ein prioritert å byggje ut til næringslivet og offentlege institusjonar som har behov for høg kapasitet. Det vil vere veldig krevjande å byggje ut fiber til absolutt alle i landet, seier Følling.

Kjem ikkje utanom spleiselag

Strategien no er derimot å byggje ut fiber til dei som absolutt treng det.

- Og så sikrar ein eit mobilt breiband som gir høg kapasitet, og så får ein sjå kor langt ein kjem, seier Følling.

At private må bu seg på eit spleiselag for å få fortgang i prosessen, kjem ein ikkje vekk ifrå.

- Det er kommunane som organiserer utbygginga og går inn med 50 prosent. Er det stor engasjement så er det råd å få fiber sjølv om det ser umogleg ut, seier Følling.