Hopp til innhold

Meiner folkerøystinga frå i fjor vinter er utgått på dato

Folkerøystinga, der fleirtalet av innbyggjarane i Solund i fjor sa nei til vindmøller, kan ikkje gjelde når vilkåra no er endra. Det meiner utbyggingstilhengarar som vil ha ei ny.

Biletet viser visualisering av vindkraftanlegget på Ytre Sula

VIL HA NY FOLKERØYSTING: Folkerøystinga frå i fjor vinter kan ikkje gjelde som eit råd frå innbyggjarane når vilkåra er endra, meiner tilhengarar av vindkraftutbygging.

Foto: ASK Rådgivning

Då Solund kommune spurte innbyggjarane om dei ville ha vindkraftutbygging eller ikkje, sa fleirtalet nei. Men ting har endra seg sidan dette vart gjort i fjor vinter, argumenterer tilhengarane.

I staden for master og linjer vil Sula Kraft nemleg heller leggje sjøkabel frå Solund til Lutelandet, og saka ligg igjen på bordet hos politikarane.

Skal dei kunne støtte seg på meininga til innbyggjarane må dei sjå vekk frå resultatet av folkerøystinga frå i fjor, meiner fleire.

Blant dei er tidlegare Høgre-ordførar Sveinung Kråkaas som framleis sit i kommunestyret.

– Det er kome inn ei vesentleg endring i konsesjonssøknaden. Skal dei høyre på folket si meining så meiner eg det kan vere aktuelt med ei ny folkerøysting, seier han til NRK.no.

Fleirtalet sa nei

Den 9. januar i fjor gjekk innbyggjarane i den vesle kystkommunen til stemmeurnene for å seie ja eller nei til utbygging av vindkraft i kommunen.

444 av dei 698 røysteføre sa sitt. I forhold til haldninga til vindkraftutbygging generelt i kommunen var det eit fleirtal på 229 som nei, 204 ja, medan 11 stemte blankt.

I tillegg til hovudspørsmålet, for eller mot vindkraftutbygging, svarte innbyggjarane også på korleis dei stillte seg til dei forskjellige utbyggingane. Her svarte innbyggjarane slik:

  • Lita utbygging i Ytre Sula: 210 for, 210 mot, 24 blanke
  • Ulvegreina: 201 for, 227 mot, 16 blanke
  • Ytre Sula: 190 for, 235 mot, 19 blanke

Det er i Ytre Sula at Sula Kraft vil byggje ut inntil 39 vindmøller, og som det kjem fram av folkerøystinga frå i fjor var det her motstanden var størst. Nemleg med 190 for og 235 mot.

Seinare sa også fleirtalet i kommunestyret nei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opptelling av stemmene i folkerøystinga i Solund

SA NEI: Ordførar Ole Gunnar Krakhellen i Solund følgde spent med under opptellinga av stemmene etter folkerøystinga i januar i fjor.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sikra både årlege inntekter, kai, veg og kanskje breiband

Sjølv om kommunen altså har sagt nei til vindmøller sikra dei seg i sommar ein økonomisk avtale med utbyggar Sula Kraft som har planar om å byggje ut inntil 39 møller på Ytre Sula.

Denne avtalen vil sikre kommunen 14 millionar kroner i årleg kompensasjon for ulempene som utbygginga vil medføre.

I tillegg inneber denne avtalen ei kai til mellom 15 og 30 millionar, opprusting og nybygging av veg til kring 50 millionar og no er det kome tilbod om breibandsfiber i samband med den planlagde kabelen.

Olav Osvoll i Sula Kraft sa tidlegare denne månaden at han trur endringane av planane vil dempe konflikten.

Usikker på om folk veit kva dei seier nei til

Tilhengarane av vindkraftutbygging meiner det faktum at Sula Kraft no vil leggje krafta frå vindparken i kabel til Lutelandet i staden for å byggje kraftlinjer inneber ei vesentleg endring av vilkåra.

Dei som ønskjer vindkraftutbygginga velkommen meiner også at avtalen mellom kommunen og kraftselskapet er for lite kjent blant innbyggjarane.

– Eg meiner det er viktig at folk blir kjent med kva som står i avtalen og kva vi eventuelt seier nei i forhold til utvikling, seier Kråkås.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lutelandet-kai (2012)

KABEL HIT: Sula Kraft vil føre krafta frå Solund til Lutelandet med kabel i stadenfor master og linjer.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Trur folk vil stemme annleis

25. april skal formannskapet i Solund vurdere om det er grunn til å gå vidare med vindkraftsaka etter utspelet frå Sula Kraft om sjøkabel til Lutelandet.

Varaordførar John Kåre Larsen frå Framstegspartiet har tidlegare sagt at ein er nøydd til å leggje vekt på at eit fleirtal i folkerøystinga sa nei til heile vindkraftprosjektet.

Anne Grete Furrevik er blant dei som meiner det blir heilt feil. Ho meiner folk veit for lite om kva ei vindkraftutbygging vil bety for kommunen. Hadde folk visst meir ville dei stemt annleis meiner ho.

For å sikre at folk får meir kunnskap har ho sjølv spreidd avtalen via e-post til ein stor del av innbyggjarane i dei aktuelle områda og bedt dei lese.

– Med at folk får vite kor bra dette blir så meiner eg at situasjonen vil bli heilt annleis for å kunne stemme ja, seier ho.