Hopp til innhold

Ho lovar 4G-dekning over heile landet innan fem år

Regjeringa set av 150 millionar kroner i året til breibandsutbygginga, samstundes som utbygginga av mobilnettet.

Liv Signe Navarsete
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Innan fem år skal omtrent heile landet få 4G-dekning og godt breiband. Det seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I dag er det 3G som er den beste mobildekninga ein får i distrikta, og Navarsete kunne stolt fortelje om dei store planane.

Alle skal få

– Det er ein gledas dag. No kan vi seie at alle får breidband, fortel Liv Signe Navarsete.

Ho forlarar at det betyr at ein veldig stor del av landet blir dekka.

– 4G er ein ny generasjon mobiltbreiband som og vil ha god kapasitet og dekke 98 prosent, seier ho.

Idag er det nær 4500 husstandar som ikkje har breibandstilgang i det heile.

– Så i tillegg til denne auksjoenen, så set regjeringa av 150 millionar årleg til vi har fått dekka dei husstandane. Då kan vi sei for første gong at no har vi hundre prosent dekning på breidband med grunnleggjande god kvalitet.

Det vil seie at ein kan nyttedei digitale tenestene som folk flest nytta i dagens samfunn.

Innan fem år

– Vi snakkar om der folk er busette og der dei manglar tilgang til breiband, det er ikkje berre på den ytste øy og opperst i dalen, det er faktisk og nokre kvite slike flekkar både i og rundt nokre byar.

Ho forklarar at dei midlane skal dei finne ein god måte å dele på, slik at dei når fram til dei som ikkje har breiband i dag.

– Når kan dette skje?

– Om ein fin ein effektiv måte å gjere det på og anslaget på 450 millionar held, med 150 millionar i året, tilseie det tre år. Men eg seier at innan 5 år må dette vere på plass. Dette er også tidsbolken for utbygginga av 4G nettet, seier Navarsete.

– Detta har eg prata om i snart 15 år og no kan eg endeleg seie at no er vi der. No skal alle får tilgang. Dette er ein milepæl, avsluttar Navarsete.