Hopp til innhold

Vil koste 15 milliardar å gje heile Norge superraskt breiband

Regjeringa vil gjere framtida digital for alle, men IKT-Norge kritiserer staten for tafatt satsing mot eit digitalt samfunn.

Rigmor Aasrud

NØGD: Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud er nøgd med kursen staten har staka mot eit digitalt samfunn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Direktør for samfunnskontakt i IKT-Norge, Heidi Arnesen Austlid, meiner staten ikkje gjer nok for å gje folk digitale tenester.

– Eg tykkjer at regjeringa er tafatte ved at dei ikkje forpliktar kommunane, som dei har dei full mogelegheit til å gjere. Det vil også gire opp farten på digitaliseringa som til sjuande og sist gir meir klingande mynt i kommunekassa og betre tenester for innbyggjarane, seier ho.

Vil ha forplikting

Heidi Arnesen Austlid er direktør for samfunnsansvar i IKT Norge.

KRITISK: Heidi Arnesen Austlid i IKT Norge, etterlyser forpliktande IKT-politikk.

Foto: IKT Norge / NRK

Regjeringa har eit mål klart, at alle landets innbyggjarar skal få eit enklare og papirlaust, digitalt liv, om få år. Det skal finnast digitale tenester for alt det vanlege folk treng å gjere i det offentlege. Målet er at ein frå godstolen heime skal kunne ordne alt frå pappapermisjon til jordbruksstøtte – gjennom internett.

Men dei lærde stridast om staten har vald den rette vegen. Direktøren hos IKT-Norge let seg ikkje imponere over den 1,5 milliarden som regjeringa i år har sett av til fornying av IKT-tenester i statleg sektor.

– Det er altså åtte av ti kommunar som ynskjer å bli forplikta av regjeringa i dette arbeidet. Det er eit tydeleg signal som regjeringa bør ta på alvor, seier Arnesen Austlid.

Folk vil ha løysingar

Men fornyingsminister Rigmor Aasrud, som tysdag vitja Fylkesmannen og Direktoratet for fornying og IKT i Leikanger, forsikrar at dei legg stor vekt på at digitale løysingar på alt frå skulesektoren til helse skal komme raskt på plass – også i kommunane.

Ho seier målet til regjeringa er å vere blant dei verdsleiande på IKT og digitale løysingar. I dag er Norge «rett under pallen».

– Folk er ikkje opptekne av om det er kommunane, staten, fylkesmannen eller fylkeskommunen som lagar løysingane. Folk er opptekne av at det er løysingar som fungerer for dei, seier Aasrud.

– God, men ...

– Vi gjer no endringar både i lovverk, og legg til rette for at fleire får tilgang til elektronisk innlogging som du avheng av når du skal ha sikre innloggingsløysingar for enkeltpersonar, legg ho til.

Eit viktig element i den digitale verda, er kapasiteten internettbrukaren har på linja når til omverda via verdsveven.

Aasrud meiner breibanddekninga i Norge er god, men vedgår likevel at den er varierande i delar av landet.

Vil koste 15 milliardar

– Dessutan er det eit paradoks at vi tilbyr meir kapasitet enn det folk er villige til å betale for. Fiber klarer vi ikkje å dra ut til heile Norge, men der vil det vere mobile løysingar som er veldig gode alternativ mange stader, seier Aasrud.

Aktørar frå IKT-Norge, Lyse og Telenor har på oppdrag frå departementet skrive ein rapport der dei rår til støtteordningar for utbygging av høghastigheitsnettet i område der det ikkje er kommersielt lønnsamt.

Ifølgje statsråden vil det koste opp mot 15 milliardar kroner om alle landets innbyggjarar skal få fiber som gjev brukarane langt betre kapasitet på linjene.

Tek ikkje kostnaden

– Den kostnaden vil ikkje Staten ta, men vi vil avvente og vurdere å spe på der marknaden ikkje når fram, seier Aasrud og legg til at dei velsignar alle lokale engasjement som syter for gode løysingar i lokalsamfunna.

Dei ledige frekvensane etter NRK si digitalisering skal no auksjonerast ut blant teleleverandørane. Aasrud meiner det vil syte for betre dekning mange stadar i landet.

– Då vil vi få bygd ut mobile løysingar, knytt til dei ledige frekvensane, seier ho.

Digitalt klasseskilje?

Regjeringa har brukt ein milliard kroner på breiband der den kommersielle marknaden ikkje strekkjer til. Den har gjeve 100.000 personar breiband, som elles ikkje ville fått det.

Aasrud vedgår at bygdene må bu seg på å ikkje bli like godt utbygde, som byane.

– Vi skal halde fast ved at for ein vanleg person så vil tenestene vi får på mobile løysingar vere meir enn fullgode. Så vil det vere nokre verksemder og offentlege institusjonar som treng betre kapasitet. Då er det viktig å få til ei god samhandling mellom kommunar og dei som etterspør tenester for å legge til rette for utbygging, seier ho og avsluttar:

– Mellom anna er det nokre kommunar som har vedteke reglar som gjer det veldig dyrt å grave ned fiber. Det bør ein tenkje seg om ein har gjort slike grep som gjer at ein får på plass utbygging i sine område.