Hopp til innhold

Pavelich vart årets artist i Sogn og Fjordane

– Utruleg stas, jublar nordfjordingen Alexander Pavelich etter å ha blitt røysta fram som årets artist i Sogn og Fjordane.

Prisutdeling med artistar som Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich, SJUR, Gunn Kvaale, Sigrid Felde, Teo, Jackbow, og Anna Naustdal på scena. Showet går direkte frå Sunnfjordsalen i Førde. Programleiar er Arianrhod Engebø.

Prisutdeling med artistar som Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich, SJUR, Gunn Kvaale, Sigrid Felde, Teo, Jackbow, og Anna Naustdal på scena. Showet går direkte frå Sunnfjordsalen i Førde. Programleiar er Arianrhod Engebø.

Under musikkfesten på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa laurdag kveld, vart også Gunn Kvaale frå Sogndal kåra til årets nykommar. Festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal, fekk årets bakompris.

For Pavelich var det så stort å få prisen at han gjorde om på alle planar og kasta seg på eit fly frå Danmark for å rekke festen.

Dette er altså så utruleg stas! Sidan vidaregåande har eg sporadisk vore nominert til Luttprisen, og det følast heilt fantastisk å vere så heldig å få den i år! Denne prisen held eg høgt, seier Pavelich om å få prisen.

Fekk prisen for første gong

Det er 16. gong Luttprisen vert delt ut. Det er ein folkejury og fagjury som saman avgjer kven som får Luttprisen. Pavelich fekk prisen for første gang.

Over 5000 røyster kom inn. Totalt samla festivalen 52 musikarar på fire scener.

Luttprisen er ei viktig markering av talent frå Sogn og Fjordane, og med så mange flotte og flinke folk nominert så føler eg meg ekstra heldig no. Tenk at eg får snike meg inn i rekka av dei mange talenta som har teke imot den tidlegare. For meg er jo dette reine Hall of Fame, seier Pavelich.

Samstemt jury

I vurderinga frå fagjuryen heiter det at «Pavelich er eit strålande eksempel på ein moderne artist som både lagar og framfører musikken sjølv, på eit høgt nivå, samstundes som han skriv musikk for både nasjonale og internasjonale stjerner med stor suksess. Pavelich har i løpet av 2021 styrka sin posisjon som ein sentral person i norsk musikkbransje».

I år er eg også nominert til Musikkforleggerprisen, og har medverka på to album som er nominert til årets pop i Spellemann, men Luttprisen er gjevast spør du meg, avsluttar Pavelich.

Nordfjordingen er kjend for mange etter deltaking i Stjernekamp på NRK1, og han var også ein av artistane som stod på scena under årets Idrettsgalla. Som årets artist fekk Pavelich eit stipend frå Sparebankstiftinga til Sparebanken Vest og eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim.

Aleksander Pavelich.

ÅRETS ARTIST: - For meg er jo dette reine Hall of Fame, seier Pavelich.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Spennande nykommar

Årets nykommar vart Gunn Kvaale frå Sogndal. 2021 vart året Kvaale debuterte som artist, fekk platekontrakt og gjekk rett inn på spelelistene til Noregs største radiokanal, NRK P1.

Ho har også hatt gode strøymetal på Spotify.

I den faglege grunngivinga frå juryen blir det lagt vekt på at Kvaale når ut til publikum med eigen musikk, eigne tekstar og sitt eige musikalske, særskilde uttrykk.

Ho fekk eit stipend frå sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane. Gunn Kvaale var også ein av dei mange artistane som stod på Luttscena i Førde under prisutdelinga.

Luttprisen.

GLADE VINNARAR: Årets nykommar vart Gunn Kvaale frå Sogndal.

Foto: Øystein Torheim

Festivalsjef blei heidra

Den siste prisen som vart delt ut var «Bakomprisen», som er ei utmerking til ein person som har gjort ein ekstra innsats for å vise fram artistane frå Sogn og Fjordane. Prisen gjekk i år til Arnt-Ivar Naustdal som er festivalsjef for Malakoff.

Juryen har lagt vekt på Naustdal sin evne, driv og entusiasme over fleire år for å sleppe lokale artistar til på eigne scener under festivalen. Det var Kjartan Lauritzen som delte ut prisen til Naustdal. Dei har sjølve stått på Malakoffscena ved fleire høver.

Det blir også trekt fram av juryen at vinnaren med solid og god kunnskap og audmjuk personlegdom har bidratt til eit rikt musikkmiljø for lokale artistar. Naustdal er ein typisk Bakom-vinnar blir det understreka av juryen ettersom Naustdal aldri framhevar seg sjølv, men alltid løftar fram innsatsen til andre.

Vinner Luttprisen.

BAKOMPRISEN: Denne prisen er ei utmerking til nokon som har gjort ein ekstra innsats for å vise fram artistane frå Sogn og Fjordane. Denne fekk Arnt-Ivar Naustdal, festivalsjef for Malakoff.

Foto: Øystein Torheim

Vinnaren av bakomprisen får eit stipend frå sparebankstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest som skal nyttast til eit prosjekt som viser fram nye unge talent.

Under prisutdelinga var scena full av lokal artistar som Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich, SJUR, Sigrid Felde, Gunn Kvaale, Aleks Grey, Anna Naustdal, Jackbow og Teo.