Hopp til innhold

Luftambulansen i Bergen risikerer å stå utan base

Fortetting og byutvikling i Bergen tvingar vekk basen til luftambulansen. No opnar sjukehuset for å flytte basen ut av kommunen. Tilsette fryktar for pasienttryggleiken.

Luftambulansen treng ein permanent base i Bergen.

UTAN BASE: Luftambulansen treng ein permanent base i Bergen.

Foto: Mette Anthun / NRK

I 32 år har luftambulansen i Bergen hatt base ved Store Lungegårdsvann, ikkje langt frå Haukeland universitetssjukehus.

Men byutvikling og fortetting tving basen vekk, noko BT og BA har omtala før.

Kommunen har sidan 2012 hatt ein plan om å plassere basen på andre sida av vatnet, men Statens vegvesen meiner helikoptera då vil trekke merksemda til bilistane vekk frå vegen.

No opnar Haukeland sjukehus for å flytte basen vekk ut av Bergen kommune.

– Både Askøy, Sotra og Os kan vere alternativ. Må vi først flytte ut, må vi sjå på kva som er dei beste alternativa, seier Geir Egil Pedersen, avdelingssjef for prosjektkontoret til Haukeland universitetssjukehus.

Geir Egil Pedersen er avdelingssjef for prosjektkontoret ved Haukeland universitetssjukehus.

VURDERER ASKØY: Geir Egil Pedersen er avdelingssjef for prosjektkontoret til Haukeland universitetssjukehus. I bakgrunnen helikopterdekket for akutte situasjonar, som vil bestå.

Foto: Mette Anthun / NRK

Flesland skal ikkje vere eigna som basefunksjon for luftambulansen, har han fått høyre frå lufthamna.

Uroa for pasienttryggleiken

Sjukehuset har eit helikopterdekk der dei kan lande med kritisk sjuke pasientar – men sjølve luftambulansen treng også ein fast base for helikopter, legebil og opphaldsstad for personale.

– Det er viktig å påpeike at det er snakk om basetenester, den akutte tenesta vil ikkje merke noko til dette, seier Pedersen.

Det skapar frykt hjå andre delar av sjukehuset. Hanne Klausen, klinikkdirektør ved Haukeland universitetssjukehus har tidlegare jobba 16 år som akuttlege om bord i luftambulansen.

Hanne Klausen er klinikkdirektør ved Haukeland Universitetssjukehus.

PÅ LEIT: Hanne Klausen er klinikkdirektør ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Mette Anthun / NRK

Ho er uroa for konsekvensane dersom basen må ut i ein nabokommune, og dermed ligge langt unna sjukehuset. Ho peikar på at personalet på ambulansen har strenge krav til kviletid og arbeidstid.

– Er vi plassert langt frå sjukehuset blir det mykje tomkøyring, og då blir det mindre tid til pasientkøyring, seier klinikkdirektøren.

– Kan liv gå tapt?

– Det kan skje. Det vil ta betydeleg lenger tid å nå dei tettbygde områda enn her i trafikknutepunkta, seier Klausen.

Luftambulansen treng ein permanent base i Bergen.

Luftambulansen treng ein permanent base i Bergen.

Foto: Mette Anthun / NRK

Vanskeleg å finne plass

Når alarmen har gått, tek det rundt fire minutt før luftambulansen er i luft. Klausen ber Bergen kommune tenke seg grundig om før dei sel tomta der basen er i dag til bustadbyggarar.

– Eg vil sterkt oppmode kommunen til å tenke helseomsyn, seier ho.

Helse Bergen har lenge leita, men det har vist seg å vere vanskeleg å finne noko som ikkje er utbygga eller i støysona.

Ho seier at dei i det lengste håpa å få plass på tomta dei var tiltenkt på Nygårdstangen. Men ei utgreiing frå Rambøll viser at dei ikkje kjem til tomta utan å måtte bygge ein ny avkøyrsel.

– Store Lungegårdsvann er eit ideelt område for oss. Det ligg nær sjukehuset, befolkninga og trafikknutepunkta, seier Klausen.

– Det var for liten plass og vi klarte ikkje å komme til tomta på rett vis.

Thor Haakon Bakke (MDG) er byråd for klima, miljø og byutvikling.

OVERRASKA: Thor Haakon Bakke (MDG), byråd for klima, miljø og byutvikling, har tru på at det skal fungere på Nygårdstangen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Overraskar byråden

Ifølge ei utgreiing frå Rambøll må ein ny avkøyrsel bli laga, skal ein kunne komme til og frå området på bakkenivå.

Det vil ikkje Vegvesenet ha. Dei er imot å lage ein avkøyrsel frå europavegen til ein landingsplass for helikopter på Nygårdstangen, og skriv at dei «vil ikkje kunne akseptere ein avkøyrsel som skissert».

At Vegvesenet er kritisk til plasseringa på Nygårdstomta overraskar byråd Thor Haakon Bakke.

– At Vegvesenet meiner det ikkje går an å bruke Nygårdstangen er ny informasjon. Då reguleringsplanen var oppe hadde ikkje Statens vegvesen innvendingar til det. Vi har heile tida jobba med det som utgangspunkt, seier han.