- Situasjonen er ille i dag. Me er i ein uheldig økonomisk situasjon, fortel Andreas Helgesen
Må kanskje selja
Han kan enno ikkje seia noko om framtida til festivalen.
- Slik det er no jobbar me med å finna løysingar slik at det kan arrangerast festivalar i framtida óg, seier han.
Og ein av løysingane Andreas Helgesen snakkar om er å selja delar av rettane til komersielle interesser.
Klar med ein million
Kennet Nilsen i verksemda KTV Underholdning på Askøy, står klar til å gå inn med pengar.
- Me ser på Lost Weekend som eit naturleg supplement til det som me driv med, og me ønskjer å dekka uteståande summar oppover til ein million kroner. Vår kompetanse kan vera med på å bidra til at Lost Weekend vil sitja att med pengar, meiner Nilsen.
Festivalleiinga ønskjer i utgangspunktet å driva som før utan innblanding frå komersielle interesser.
Vurderer tilbodet
Andreas Helgesen presiserer at dei ser på ulike løysingar utan at han vil gå nærare inn på kva det er.
Likevel innrømmer han at dei vurderer tilbodet frå KTV Underhaldning som interessant.
- Ein kan nok mista litt av den frivillige sjela til Lost Weekend, samt nokre av verdiane som festivalen er tufta på. Men eg trur me kan finna ei løysing som både tar vare på alle interessene, seier han.