Styremedlem i Eid Røde Kors, Jens Petter Haavik, seier det har gjort eit uutsletteleg inntrykk at så mange er berørt.
Framleis sakna
Mellom dei mange som ikkje har kome til rette er 31 år gamle Sølvi Helen Devig, opphaveleg frå Førde, den tre år gamle son hennar, og hotelleigar Ole Berge Drægni frå Luster, sambuaren hans og barnet hennar.
Folk vil støtte
I løpet av føremiddagen vil Sogn og Fjordane Røde Kors ta stilling til om det skal settast i gang ein innsamlingsaksjon allereie i dag. Jens Petter Haavik er ikkje i tvil om at folk vil støtte opp om den.