Hopp til innhold

Unge folkevalde trekker seg frå lokalpolitikken

Færre enn ein av ti kommunestyrerepresentantar er under 30 år gamle. Valforskar meiner dette er eit demokratisk problem.

La fjorden leve: Reidar Fugle Nordhaug og Silje Marie Vallestad

TREKKER SEG: Reidar Fugle Nordhaug og Silje Vallestad stiller ikkje til attval i haust.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NU

Reidar Nordhaug kom inn i kommunestyret for Arbeidarpartiet i Sunnfjord kommune som attenåring, og før første møtet fekk han 1100 sider med saksdokument i fanget.

Då han spurde om han verkeleg måtte lese alle, og fekk eit klart ja tilbake.

Han tykkjer lokalpolitikken er prega av sveitte bagettar og reguleringsplanar.

Etter åtte år i lokalpolitikken gir han seg.

– Det er ein vond sirkel når få unge fører til mindre engasjerande saker, som igjen føre til færre unge i politikken, seier han.

La fjorden leve: Reidar Fugle Nordhaug og Silje Marie Vallestad

Reidar Nordhaug og Silje Vallestad saman med Mani Hussaini og Ragnhild Kaski på aksjon mot sjødeponi i Førdefjorden i 2016.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NU

Silje Vallestad meldte seg inn i AUF fordi ho ønskte betre skulepolitikk og større fokus på psykisk helse. Under valet i 2019 blei ho vara i kommunestyret saman med Nordhaug.

Ho skulle ønske dei var fleire yngre i lokalpolitikken og står heller ikkje på liste til hausten.

– Om du ser direktestrøyminga til kommunestyremøtet er det mange månar, det er det ikkje noko tvil om, seier Vallestad.

Ei demokratisk utfordring

Den siste valperioden har 10,6 prosent av norske kommunestyrerepresentantar vore i aldersgruppa 18-29, viser tal frå SSB.

Medianalder for kommunestyrerepresentantar er 49 år.

NRK har snakka med fleire unge folkevalde som trekker seg frå politikken.

Hilde Horpen

Hilde Horpen trekker seg frå kommune- og fylkespolitikken fordi ho ikkje kjenner seg motivert for fire nye år.

Silje Viktoria Gravdal Vallestad

Silje Viktoria Vallestad gir seg etter ein periode som vara i kommunestyret fordi ho vil ha meir tid til å fokusere på arbeid og fritid.

Sunniva Oldeide skal inn i kommunestyret for første gong.

Sunniva Oldeide går ut av kommunestyret fordi politikken er utfordrande å kombinere med små barn og ein hektisk arbeidskvardag.

Reidar Fugle Nordhaug

Reidar Fugle Nordhaug trekker seg etter åtte år i lokalpolitikken. Han skal bruke meir tid på studiet og ha meir fritid.

GLER SEG: Sandra Tenud håpar så mange som mogleg vil være med å markere pride neste helg

Etter fleire år i kommunestyre, fylkestinget, og i sentralstyret i AUf gir ho seg fordi det ikkje lar seg kombinere med lektorstudiet i Oslo.

Låg politisk deltaking blant yngre er ei demokratisk utfordring meiner valforskarane.

Yngre taper vekt

Utan dei yngre i formelle kanalar risikerer vi eit demokrati som ikkje er i stand til å møte framtidige utfordringar, seier postdoktor i samanliknande politikk, Jana Belschner.

– Partia må klare å tappe på det store potensialet som ligg i yngre. I Noreg er partia sine ungdomsorganisasjonar sterkare enn i andre land, og dette er ein fordel som må brukast.

Jana Birke Belschner

Jana Birke Belschner seier at låg politisk deltaking blant yngre er ei demokratisk utfordring.

Foto: UIB

Belschner viser til at den demografiske utviklinga at det blir færre og færre yngre i samfunnet.

– Unge politikarar tek andre avgjersler og handlar meir langsiktig enn eldre. Difor kan det vere lurt å gi dei unge meir politisk makt.

Representasjonen av unge er betre enn i andre land, men ei utfordring er at mange forlèt politikken, seier Mari Helliesen, doktorgradsstipendiat i samanliknande politikk.

Mari Helliesen, UiB

Mari Helliesen forskar på politisk deltaking, klimapolitikk og representasjon.

Foto: Solfrid Langeland

Unge sine klimahaldningar er mindre representerte enn eldre sine.

– Klimaendringar vil ramme dei som er unge i dag i større grad enn eldre. Deira perspektiv er viktig i debattar og vedtak av klimapolitikk i dag, påpeiker Helliesen.

Vil snakke fram å vere med å bestemme

Det var kampen for skeive sine rettigheiter og flyktningkrisa som fekk Sandra Kalland Tenud til å melde seg inn i AUF som 16-åring.

Etter fleire år i kommunestyret og på fylkestinget gir ho seg.

GLER SEG: Sandra Tenud håpar så mange som mogleg vil være med å markere pride neste helg
Foto: UKJENT / AUF

Ho seier at unge er ei «forsvunne gruppe» i politikken.

– Det er ikkje så stort rom for unge i politikken. Ikkje berre dei som har gått studiespesialiserande og som flytter for å studere, men alle dei som blir igjen heime for å arbeide. Kvar er dei i politikken?

Unge, utdanna, og urbane kvinner opplever i større grad at dei kan vere med å påverke politikken enn middelaldrande menn på bygda, viser tal frå Innbyggerundersøkelsen.

– Yngre betyr noko

For at demokratiet skal fungere, må det brukast og vere representativt, seier Jette Christensen, tidlegare Ap-politikar og leiar av Riksvalgstyret.

– Valdeltaking er avhengig av politikken sitt innhald. Kor relevant den er, om noko står på spe og om det betyr noko at eg stiller til val.

Jette Christensen

Jette Christensen seier at politikken må gi unge ei oppleving av at stemma deira betyr noko.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det er viktig at unge stiller til val for at systemet vårt skal vere legitimt og at stemmene blir høyrt, seier Christensen.

Ein lidenskap

Men nokre unge politikarar blir verande i politikken.

Erlend Svardal Bøe er stortingsrepresentant for Høgre. Som 14-åring blei han tidenes yngste fylkesleiar i eit politisk parti.

Erlend Svalbard Bøe

Erlend Svardal Bøe er stortingsrepresentant for Høgre

Foto: Marita Andersen / NRK

Dei gongane alderen har blitt brukt mot han er når nokon har vore veldig ueinig med han.

– Det er jo ein klassisk hersketeknikk, men når folk gjer det mot meg så tek eg det berre som eit bevis på at argumenta mine har noko for seg.

Han seier han har gått nokre rundar med seg sjølv når det har stått på som mest.

– Det å vere politisk engasjert for meg er ein lidenskap, og den dagen det går frå å vere ein lidenskap til å bli ein jobb, så skal eg slutte med politikk.