Hopp til innhold

LO støttar dugnaden for gratis advokathjelp til asylbarn

Rettshjelpsdugnaden har som mål at nesten 600 asylbarn skal få prøvd sakene sine på nytt. Fredag vart det klart at LO vil støtte aksjonen som treng nærare ein million kroner.

Sterk respons

Mange asylbarn kan ha krav på lovlig opphold, men får det ikke uten advokathjelp mener Aina Heldal Bøe. Fredag vart det klart at LO vil støtte arbeidet med å skaffe pengar til å få prøvd saker på nytt.

Foto: NRK

Ein million kroner er summen rettshjelpsdugnaden reknar med at det vil koste å gje gratis rettshjelp til dei lengeverande asylbarna.

Så langt er det privatpersonar som har bidrege. I dag vart det klart at LO vil støtte dugnaden.

– Det må frivilligheit til

Natan Eshete i Oslo Tingrett med familien og forsvarer

I RETTEN: Heldal Bøe leia støttegruppa til Nathan Eshete og familien. Nathan vart eit symbol på asylbarn i Norge. Her er dei i Oslo tingrett.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Aina Heldal Bøe som tok initiativet til dugnaden, meiner at myndigheitene sjølve burde hatt ein gjennomgang av alle sakene.

– Når dette ikkje skjer må det frivilligheit til, meiner Heldal Bøe.

1. juli i år kom ei forskrift som kan gje 140 av dei 574 lengeverande asylbarna opphald i Noreg. For at dei skal få det må dei anten ha ei aktiv sak, eller sende inn ei sokalla omgjeringsbegjering. I tillegg er det venta ei ny varig forskrift denne hausten.

– Mange familiar er ikkje klar over dette, og mange kan heller ikkje norsk. Dei treng å bli kontakta og bli forklart at dei kan søkje på nytt, i tillegg til at dei vil trenge hjelp med sjølve søknaden. Dei færraste har råd til advokat.

– Fantastisk at LO vil støtte arbeidet

Demostrasjon for asylbarn

ASYLBARN: Både i år og i fjor har det vært flere demonstrasjoner i Norge, etter asylavtalen den borgerlige regjeringen inngikk. Bildet er fra en demonstrasjon for asylbarn i Oslo i fjor.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Privatpersonar har gitt pengar til aksjonen, men det er langt frå nok. Førre helg var Heldal Bøe i Oslo for å møte med mellom andre LO.

– Det er heilt fantastisk at dei har bestemt seg for at dei vil vere med i arbeidet for asylbarna. Det betyr veldig mykje både for motivasjonen og økonomien at ein så stor og tung organisasjon blir med på laget. Me treng pengar for å administrere dugnaden, det skal NOAS ta seg av.

Det er ikkje klart kor mykje LO vil støtte dugnaden med.

– Me håpar at mange advokatar vil jobbe gratis som ein del av dugnaden, men me reknar med at me òg må be ein del advokatar ta saker og det kostar om lag 10 000 per sak.

Heldal Bøe vonar fleire organisasjonar vil melde si interesse for å vere med på dugnaden i tida som kjem.

– Mange veit ikkje at barn fortløpande blir sendt ut av landet, og heller ikkje at det har kome ei ny løysing som kan gje fleire opphald. Me er veldig optimistiske med tanke på arbeidet framover.