Tekst og foto: Ragnhild Eikenes.
Tilrettelagt av: Arild Nybø.
Fleire titals bønder, jordbrukssjef, ordførar og fleire bondelagsleiarar var på det opne møtet i Askvoll i går kveld spente på om staten sin representant kunne servere noko som kunne gje ein spore til optimisme i ei næring som er prega av det absolutt motsette.
- Bøndene er rike på mange ting, mellom anna arbeid. Det er alltid noko å gjere. Men rike på pengar er vi ikkje, sa bonde Arne Steinsland, som meiner det politiske miljøet slett ikkje har forstått vilkåra bøndene arbeider under.
Det er pengar saue- og geitebøndene er opptekne av. Ikkje så overraskande, etter eit jordbruksoppgjer som blir karakterisert som det dårlegaste tilbodet til denne gruppa nokonsinne.
- Eg har aldri forstått kvifor mi næring skal haldast nede for å dekkje Staten sine andre behov, sa Steinsland.
Statssekretær Leif Helge Kongshaug mana til omstilling.
Nisjesatsning og samdrift
Og trass i at både Steinsland og samtlege av dei andre som tok ordet i forsamlinga i går understreka meir enn grundig at bøndene i dette distriktet arbeider under særskilt vanskelege kår, at det er meir klingande mynt frå Staten skal som må til skal dei overleve - fordi både jordsmonn og topografi gjer det umogleg å bli store og effektive slik staten vil, så snakka statssekretær Leif Helge Kongshaug like fullt om nisjesatsing, tilpassing til ein stadig meir krevjande marknad, og samdrift.
- Vi er nok inne i ei tid med mange endringar som skjer raskare og raskare, og vi må vere med og omstille oss, mana Kongshaug.
Bonde Kjell Kristian Karlsen meinte statssekretæren kom med tåkeprat.
Under fattigdomsgrensa
Mjølkebonde Kjell Kristian Karlsen i Stongfjorden har satsa på samdrift, men hevdar han lever under det som blir definert som fattigdomsgrensa. Årets jordbruksoppgjer er han lite nøgd med. På møtet i går stilte han følgjande direkte spørsmål til statssekretær Kongshaug:
- Skal vi satse på samdrift og ein bygning til tre og ein halv millionar kroner og tru at vi kan leve av det i tjue år framover, spurte Kongshaug.
- Generelt vil eg seie at tankegangen er rett. Eg ville tilrådd det, sa Kongshaug. Statssekretæren meinte endåtil at geite- og sauebøndene skal byrje med å slå seg saman, trass i dei geografiske forholda i ein kommune som Askvoll.
Lite å hente
Jan Kåre Ravnøy vonar statssekretæren tek med seg synspunkta tilbake til departementet.
- Målsettinga med gårsdagens besøk var å bli høyrde, seier ein av arrangørane Jan Kåre Ravnøy. For noko trøyst var der ikkje å hente i møtet med makta.
- Men eg forventar han tek med seg noko etter det møtet vi har hatt, og arbeider for småfehaldet på Vestlandet, seier Ravnøy.