Hopp til innhold

Lise Klaveness får Fritt Ord sin honnør

Den ferske fotballpresidenten får Honnørprisen frå stiftinga Fritt Ord etter tordentalen hennar til kongressen i Fifa 31. mars.

Lise Klaveness på talerstolen under Qatar Soccer WCup FIFA Congress 31. mars 2022

TALE: Lise Klaveness talte til FIFA 31. mars 2021.

Foto: Hassan Ammar / AP

Lise Klavenes får Fritt Ord sin Honnør for tordentalen mot kongressen i Fifa.

Klaveness seier til Fritt Ord at ho audmjukt tek imot prisen som ein motivasjon til å jobba endå hardare for å beskytta fotballen og jobba for nødvendig endring.

– Eg deler prisen med gode kollegaer i NFF og norsk fotball, ikkje minst norske klubbar og supportarar som gav meg oppdraget om å vidareformidla ein viktig bodskap frå medlemmene våre, seier Klaveness til Fritt Ord.

Ho seier at ho no har fått oppleva kor sterkt presset på å ikkje bruka stemma si kan vera i sensitive saker.

– Dette endra likevel ikkje vårt syn på at me måtte gjera dette. Eg har respekt for at Fifa let oss koma til orde med eit kritisk innlegg.

Effektiv bruk av ytringsfridom

Fritt Ord trekkjer fram at talen var sterkt verdiorientert og sette lys på likestilling, openheit og trygge forhold for skeive og andre minoritetar.

Dei peikar òg på korleis ho kritiserte Fifa for korleis Qatar vart tildelt fotball-VM og for deira treige og utydelege reaksjon på Russland sin krig mot Ukraina.

Styreleiar Grete Brochmann i Stiftelsen Fritt Ord meiner Klavenes sin offentlege innsats under den internasjonale fotballkongressen er effektiv bruk av ytringsfridomen.

– Spesielt hennar sterke og kraftfulle tale er ein effektiv bruk av ytringsfridomen for å overvinna maktmisbruk, undertrykking og korrupsjon.

Grete Brochmann, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo

DELER UT PRIS: Styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann.

Foto: Ragnhild Bjørge / NRK

Gjev vekk prisen

Prisen består av ein sum på 100 000 kroner og er delt ut av stiftinga Fritt Ord. Prisen blir delt ut av Fritt Ord sitt styre for verdifullt virke i det frie ord si teneste, gjerne i samanheng med ei aktuell sak.

Klavenes seier at ho skal gje prispengane til Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS).

Utdelinga skjer etter påske.