Hopp til innhold

Viss du tykkjer årets haust liknar den i '91 like før nyttårsorkanen, har du heilt rett...

Hausten og desember månad har til no likna mistenkeleg på slik vi hadde det i 1991, rett før den fæle nyttårsorkanen råka Vestlandet hardt.

"Dagmar" ødela mange campingvogner

STORE ØYDELEGGINGAR: Då ekstremvêret Dagmar råka i romjula 2011, var øydeleggingane store. Her er bilete av det som var att av fleire campingvogner etter at stormen hadde løya.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Årsaka til at det har vore stormfull haust og vinter i år er at det har noko å gjere med den storstila vêrsituasjonen å gjere. Vi har ein indeks som seier noko om trykkskilnadane mellom Island i nord og Asorene i sør, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød.

Orkanen som feia innover Norge tidleg på morgonen 1. januar 1992 er den sterkaste som Meteorologisk Institutt har observert på det norske fastlandet sidan målingane starta i 1867.

Orkanen førte til svært store skadar på mellom anna hus, bygningar og skogsområde. Ifølgje Meteorologisk Institutt skal det statistisk sett gå 200 år mellom kvar gong ein så kraftig orkan råkar Norge.

Det næraste Norge har komme tropisk orkan

Viss trykket er lågare ved Island enn det normalt brukar å vere, og høgare ved Asorene enn det normalt sett er, så er denne indeksen positiv.

– Og ein positiv indeks fører som regel med seg fleire stormar i løpet av ein sesong enn det normale. I år er indeksen positiv, og det var den også i 1991, så det er mykje av årsaka til at denne hausten og vinteren er relativt lik dei vi hadde i 1991, seier Granerød.

Nyttårsorkanen i 1992 er ifølgje Meteorologisk Institutt det næraste Norge har komme vindstyrkar og øydeleggingar som minnar om tropiske orkanar.

Trass i øydeleggingane som uvêret Dagmar førte med seg i romjula 2011, var det ikkje i nærleiken av å nå det nivået som orkanen i 1992 heldt.

Sjølv om det er litt tidleg å konkludere med nyttårs-orkan, så vert det iallfall også vind og ruskevêr i fylket i dagane som kjem.

(Artikkelen held fram under biletet)

ØDELEGGELSER ETTER STORMEN DAGMAR

STORE KREFTER: Sjølv om stormen Dagmar ikkje var på same nivå som nyttårsorkanen i 1992, vart mange bygningar totalskadde i uvêret.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Blir full storm på kysten

Det er sendt ut obs-varsel frå i dag til i morgon, grunna sterk vind på kysten og utsette stadar i både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det blir det. Høgtrykket over kontinentet held fram å styre dei lågtrykka som vert danna i Atlanterhavet, rett inn mot kysten av Norge. Det fører med seg ein sørleg liten eller full storm på kysten av Sogn og Fjordane i dag, seier Granerød.

I kveld skal vinden minke til sterk kuling. Det kjem til å komme litt regn av og til, og snø i fjellet.

– Torsdag held det fram med søraust liten og kanskje full storm på utsette stadar, og sterk kuling i nord. Det ser ut til å bli litt sterkare vind også i innlandet, enn kva som er normalt når vi melder full storm på kysten, seier Granerød.

Niande veka med dårleg vêr

Det vil halde fram med både regn og snø i fjellet, men på ettermiddagen torsdag dreiar vinden til sørvest frisk bris, og seinare stiv kuling.

– Det går over til regnbyer eller haglbyer, med snø over 600–900 meter. Ein treng ikkje bli overraska om det kjem ein del torevêr, seier Granerød.

At vêret har vore lite å skryte av dei siste to månadane, har meteorologen klar statistikk på.

– Vi er inne i den niande veka på Vestlandet med ganske dårleg vêr samanlikna med kva det kunne ha vore, seier Granerød.