Hopp til innhold

Her bles det 36 meter i sekundet - stengjer brua for trafikk

Måløybrua er no stengd grunna sterk vind. Den automatiske vindmålinga syner vindkast på 36 meter i sekundet.

Måløybrua er no stengd grunna sterk vind. Den automatiske vindmålinga syner vindkast på 36 meter i sekundet.

RUGGAR GODT: Vinden tek godt på Måløybrua torsdag.

– Brua er stengd nett no. Ho stengjer ved 32 meter i sekundet, opplyser vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Arne Stadheim.

Måløybrua vert stengd automatisk når vindmålaren måler vindkast over 32 meter i sekundet.

På bileta som NRK har fått tilsendt, syner informasjonstavla at vindkasta har vore opp i 36 meter i sekundet.

Oppdatert: Litt før klokka 15 melder Statens vegvesen at Måløybrua har vore stengd i periodar, men at brua no er open for trafikk.

Trur det blir meir stengt i dag

– Måløybrua lever på ein måte sitt eige liv, sidan alt går automatisk. Vi får melding om at ho stengjer, og så opnar ho att sjølv, når vinden har roa seg, seier Stadheim.

Men basert på vind-prognosane utover dagen, så kan det fort bli meir stengingar i dag.

– Det ser vel ut til at det kjem til å blåse god utover dagen, så dei som treng å komme over, må følgje med når det kjem små gløtt av litt stillare periodar, seier Stadheim.

Brua opnar att når vindstyrken kjem ned på tjuetalet, opplyser Stadheim.

Vakthavande meteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga for Vestlandet, opplyser at det blir meir både vind og regn i fylket.

Ekstremvêret «Ivar» vitjar Nordmøre

I Møre og Romsdal og Trøndelag er det sendt ut ekstremvarsel på grunn av ekstremvêret Ivar.

I dei to fylka nord for Sogn og Fjordane er det torsdag ettermiddag og kveld er det meldt kortvarig vest og nordvest sterk storm 30 meter i sekundet, eller orkan 33, med vindkast 40–45 meter i sekundet inn over land.

Den sterke vestlege og nordvestlege vinden ser ut til å bli kortvarig og kjem til å treffe med størst kraft på Nordmøre og Trøndelag.

Julegran Skavøypoll

I BAKKEN: Julegrana på Skavøypoll enda i horisontalen etter eit ublidt møte med vinden.

Foto: Jostein Hals

Grønneberg understrekar at sjølv om Sogn og Fjordane skal sleppe unna det mest ekstreme, så kan det komme til å merkast heilt nord i fylket.

– Uvêret kjem ganske konsentrert på Nordmøre. Men det bles sørleg sterk kuling på kysten, og rundt Stad kan det bli eit hakk meir i samband med at vinden dreiar mot sørvest, dermed kan det komme opp i full storm, seier Grønneberg

Bles opp også i fjella

Stadheim har ikkje fått melding om problem på dei fleste fjellovergangane, men ser ikkje vekk frå at det kan endre seg utover dagen.

– Det har ruska seg litt til på Vikafjellet. Vinden tek godt, og det fokkar litt nett no, seier Stadheim.

SISTE: Klokka 11.20 vart det innført kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet.

Også i Ytre Bremanger merkar dei vinden godt. Hilde Hauge skulle eigentleg vore på jobb i dag, men dit kjem ho ikkje.

– No bles det godt her, og det aukar i grunnen berre på, seier Hilde Hauge.

Fleire trossa stenginga

Ho var kommen til Rugsundbrua då ho møtte mange bilar som stod i tunnelen rett før brua.

– Då var det berre ein ting å gjere, og det var å snu, seier Hauge.

Ho trur det er mange som er vêrfaste i området.

Måløybrua

STENGT: Det står lange køar av bilar som ventar på at Måløybrua skal opne mellom vindkasta.

Foto: Ann-Karin Oldeide

– Eg har nett snakka med ei som sit på andre sida av brua. Ho kom frå Svelgen og skulle til Bremanger, men ho står fast der, seier Hauge.

Ho veit at det er dei som har trossa stenginga og køyrt over brua, trass i stenginga.

– Dette skjer veldig ofte, og så køyrer folk og reknar med at det går bra. Men ein veit jo aldri når det kan gå gale. Men brua er stengd fleire gonger i veka grunna vind, seier Hauge.

Trur det nærmar seg storm

Ho fortel at det er vindmålar også på denne brua, med skilt som syner om det er sterk vind eller om det er stengt.

– Eg er ikkje nokon vêrkjennar, men det må no nærme seg storm. Eg kan ikkje forstå noko anna, seier Hauge.

Ho har funne seg eit kontor på Hauge i Ytre Bremanger, og sit der og jobbar i dag, i staden for på kontoret sitt i Svelgen.

– Eg skulle vere med på sjukeball på sjukeheimen i Svelgen i kveld, men dei får klare seg utan meg, ler Hauge.