Sogndal Filmfestival har fått over 40 filmar til kortfilmkonkurransen i år. Juryen la denne veka siste hand på nomineringa av dei ni prisvinnarane.
Publikumsprisen vert kåra gjennom nettavstemming på NRK Sogn og Fjordane.
Sogndal Filmfestival går av stabelen 7.–8. april i Sogndal kulturhus med gallakveld med prisutdeling og Filmfagdag.
– Kvaliteten på dei innsende bidraga til Sogndal Filmfestival er i år betre enn nokosinne, seier Stein Magne Os som har vore jurysjef gjennom mange år.
– Det er også interessant at festivalen i år har fleire bidrag frå produksjonsmiljø i Hordaland enn tidlegare, seier Stein Magne Os.
- Les også:
Nøgde med bidraga
Det er 3. klasse media ved Sogndal vidaregåande skule som arrangerer filmfestivalen som har målgruppa 12–28 år. Årets festival er den 11. i rekkja – og festival nummer 10 med kortfilmkonkurranse.
– Vi er svært nøgde med over 40 filmbidrag, seier filmsjef Anders Nyland Fardal.
Prisane som vert delt ut omfattar alt frå juniorpris, aldersgruppa 16–19 og seniorpris for dei over 20 år. Dei påmelde filmane femner vidt, alt frå animasjonar, dokumentar, sports–og fiksjonsfilm.
Publikum kan stemme
Publikumsprisen går til den filmen som får flest røyster på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.
Avstemminga er over.