Hopp til innhold

Sogndal filmfestival får eksklusiv premiere

Berre eit knippe filmfolk og statistar har fått sett det publikum under Sogndal filmfestival kan få med seg 8. april.

Erik Poppe

PREMIERE: Erik Poppe har vunne Amandaprisen for beste norske film to gonger. Seinast i 2014 med 'Tusen gonger god natt', og ti år tidlegare med 'Hawaii, Oslo'.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi synst det er både stor stas, viktig og eksklusivt å ha regissøren av «Kongens nei», Erik Poppe, som føredragshaldar, seier festivalsjef Sunniva Lerum Hollekve.

For ellevte gong skipar 3. klasse media ved Sogndal vidaregåande skule til filmfestival. Dit kjem også Erik Poppe, som i september har premiere på sin nye film. «3 døgn i april – kongens nei», handlar om starten på andre verdskrigen i Noreg, og Kong Håkon si viktige rolle i motstandskampen. Poppe vann i 2014 Amanda for beste norske film med «Tusen gonger god natt».

Med seg til Sogn har Poppe eksklusive klipp frå filmen, som til no berre har vore synt for eit lukka lag med filmfolk. På fagdagen skal også Brennpunktredaktør Odd Isungset frå NRK og TV-reporter Leo Ajkic halde føredrag.

festivalsjef Sunniva Lerum Hollekve th. / marknadssjef Anders Nyland Fardal og nestleiar Anna Brugra

KONKURRANSE: Leiinga i Sogndal filmfestival oppmodar fleire unge filmskaparar til å sende inn sine bidrag. Fristen er 29. februar. Frå høgre festivalleiar Sunniva Lerum Hollekve, marknadssjef Anders Nyland Fardal og nestleiar Anna Brugrand.

Foto: Inge Kjell Holme

Vil ha fleire filmar frå unge filmskaparar

– Festivalen får både sterk samfunns-, ungdoms-, TV- og filmprofil. Hovudmålgruppa for fagdagen er elevar i den vidaregåande skulen og ungdomsskulen, men den er open for andre interesserte også, skriv Hollekve i ei pressemelding.

Under filmfestivalen blir det også halde kortfilmkonkurranse for filmskaparar mellom 12 og 28 år. Fristen for innsending av filmar er 29. februar. Der blir det delt ut premie for mellom anna beste regi og manus, dokumentarfilm og animasjonsfilm.

Publikum får også høve til å røyste på sin favoritt film. Avrøystinga skjer på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.