Hopp til innhold

Køen var allereie lang - så sklei lastebil..

Like etter køane byrja løyse seg opp etter ei trafikkulukke på E39, sigla ein lastebil i grøfta. Så vart køane igjen lange.

Bilberging på E39 ved Moskog utanfor Førde

SKLEI AV VEGEN: Bilberginga måtte i aksjon medan det danna seg lange køar i begge retningar på E39.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kranbil stod fast på E39 ved Førde

STOD FAST: Denne kranbilen fekk trøbbel på det glatte føret på E39.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Måtte leggje på kjetting

LURT: Politiet oppmodar alle som fører større køyretøy om å leggje på kjetting.

Foto: Heidi Lise Bakke (MMS-foto) / NRK

Det er store trafikale problem på E39 like aust om Førde. Etter ei trafikkulukke ved 07-tida ved Movika danna deg seg lange køar i begge retningar.

Store køyrety må bruke kjetting

Men ikkje før køane hadde byrja løyse seg opp sigla to større køyrety ut i grøfta. Ein semitrailer skal ha stått i ro då han sigla sidelengs ut i grøfta. Kort tid etter køyrde ei mobilkran seg fast. Det er ikkje råd å kome seg forbi.

– I tillegg er det fleire andre store bilar som står i kø og ventar. Vi pålegger no desse å setje på kjetting, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved politiet.

Svært glatte vegar i området

Bilberging er på veg for å berge dei to store køyretya ut av grøfta. Det er venta at dei vil kunne byrje arbeidet kort tid etter klokka ti.

– Når vi skal gjere jobben må vi stengje vegen heilt. Det vil no ta om lag ein halvtime på kvart av kjøretya, seier Arild Tistel i Førde bilbering.

Det skal vere svært glatte vegar i området. Politiet seier snøen har pakka seg hard i vegen og at det er generelt vanskelege køyreforhold.

– Også dei småbilane som står i køen bør vere skodde for forholda, seier Vereide.

Også sjukehusbussen frå Sogndal til Førde var mellom dei mange som måtte stå lenge i kø i morgontimane måndag. Mange av passasjerane vil etter alt å dømme ikkje komme i tide til timane sine.

Klokka 12.40 vart E39 opna for fri ferdsel etter at bilbergar hadde fått mobilkrana på vegen att.

Kø ved Moskog på E39 utanfor Førde

KØ: Det danna seg kilometer lange køer etter ei trafikkulukke ved Movika på E39 i 07-tida. Då køene byrja bevege seg vart det nye problem då to større køyrety sigla i grøfta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK