Hopp til innhold

Fleire stengde fjellovergangar

Måndag morgon skapar store mengder snø problem fleire stader. På fjellovergangane herjar vinden i tillegg, noko som fører til fleire stengde vegar.

Kolonne på Hemsedalsfjellet

KOLONNE: Det er framleis så dårleg vêr på Hemsedalsfjellet at trafikken går i kolonner over fjellet. Her har det vore kolonner sidan klokka 13 søndag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Enkelte stader i Nordfjord var det i natt varsla at det kunne kome opp mot 50 centimeter snø på berre seks timar. Også fleire andre stader i fylket har det lava ned i dei mørke timar, og fleire stader må folk førebu seg på vanskelege forhold langs vegane.

På fjellet herjar vinden i tillegg, og fleire fjellovergangar er stengde.

Slik var situasjonen klokka 11.15:

  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring med to timar ventetid
  • Riksveg 13 over Vikafjellet – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 13 over Gaularfjellet – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd grunna vegarbeid fram til klokka 08
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 381 Matre-Bjordal – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 616 Davik-Isane – stengd grunna ras

På fjellovergangane ser det slik ut:

  • E16 Filefjell – snø og isdekke, redusert sikt enkelte stadar. Anbefalt med kjetting for store køyrety. Klokka 05.30 var det 4 grader, frisk bris og lette snøbyer
  • Riksveg 14 Strynefjellet – snø og isdekke, fare for glatte parti og vanskelege køyreforhold. Klokka 05.30 var det minus fem grader, sterk kuling og snøbyer
  • Fylkesveg 60 Utvikfjellet – snødekke, redusert sikt. Klokka 05.30 var det minus fire grader, lett bris og snø

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER