Hopp til innhold

Skadd etter trafikkulukke

Ein person er frakta vekk i ambulanse etter ei trafikkulukke i Oldedalen.

Trafikkulukke i Oldedalen

PÅ SIDA: Bilen hamna på sida og tippa nesten over på taket.

Politiet fekk tidleg måndag morgon melding ei trafikkulukke på fylkesveg 724 mellom Olden og Oldedalen i Stryn kommune.

Ulukka skal ha skjedd ved Sunde. Bilen skal ha hamna på sida, og vart liggjande velta i grøfta.

Politiet visste ved 07.40-tida lite om kva som hadde skjedd. Me

Det var ein person i bilen. Det er ukjent kva skader vedkommande har fått.

Bilberging kom til staden, og fekk flytta bilen ut av vegbana. Det danna seg kø ved ulukkesstaden.