Hopp til innhold

Leitar framleis etter svar på helikopterstyrten

LILLESTRØM (NRK): Havarikommisjonen legg fram ny førebels rapport om Turøy-ulukka. Enno har dei ikkje fått alle svara dei er ute etter.

Seniorrådgjevar Ingvild Ytrehus, avdelingsdirektør Kåre Halvorsen, undersøkingsleiar Tor Nørstegård

TUNGT ARBEID: – Vi føler veldig med alle som er involvert. Det er umogleg å ikkje la seg påverke av det, seier avdelingsdirektør Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen, her flankert av seniorrådgjevar Ingvild Ytrehus og undersøkingsleiar Tor Nørstegård.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Heilt til botns vil vi aldri kome i nokon granskingar. Vi må alltid gjere avgrensingar. Men vi håpar å få svar på dei spørsmåla vi har, seier avdelingsdirektør Kåre Halvorsen i Statens havarikommisjonen for transport.

Det siste året har over 60 personar jobba intenst med å finna svaret på kvifor rotoren losna frå eit EC225 Super Puma-helikopter i fjor. 13 menneske mista livet i helikopterstyrten ved Turøy 29. april 2016.

No er Havarikommisjonen heilt i innspurten på ein ny, førebels rapport. Den blir offentleggjort førstkomande fredag.

Omfattande rapport

Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen

PLANETGIR: Avdelingsdirektør Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen, med eit planetgir tilsvarande det som sprakk opp av utmattingsbrot.

Foto: Jon Bolstad / NRK

På golvet i hangaren til Havarikommisjonen ligg nokre av dei forvridde delane frå helikoptervraket. Hadde det ikkje vore for rotorane, hadde det vore vanskeleg å sjå at delane stammar frå eit helikopter.

– Ein blir aldri vand med å jobbe med dette, og spesielt ikkje når menneske har døydd eller vorte alvorleg skadd. Drivkrafta vår er å betra tryggleiken, understrekar Halvorsen.

Så langt har dei levert fire førebelse rapportar. Den neste blir den mest omfattande til no, og vil gi eit meir fullstendig bilde av kva som skjedde.

Utmattingsbrot

Vrakdelane vart strødd utover eit stort område under styrten, både på land og i sjøen ved Turøy. Tidleg i søkefasen fann ein den viktige delen som forklarte kvifor rotoren losna frå helikopteret vel 600 meter over bakken.

Derfor kunne havariinspektørane raskt peike på at årsaka til ulukka var eit utmattingsbrot i eitt av dei åtte planetgira i girboksen. Då det vesle hjulet sprakk heilt opp, førte det til slutt til at hovudrotoren losna i lufta.

Deler fra Turøy-helikopteret

EITT ÅR SIDAN STYRTEN: Laurdag 29. april 2017 er det eitt år sidan helikopterulukka ved Turøy vest for Bergen. 13 menneske kom aldri heim frå jobb i Nordsjøen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Spørsmålet er kvifor og korleis denne sprekken oppstod og fekk utvikle seg. Dei etterlatne etter dei 13 omkomne ynskjer å få svar på om ulukka kunne vore unngått.

– Det er eit tidkrevjande arbeid. Ei utmatting skjer over tid, og det er krevjande å finne dei same rammevilkåra og variablane som var til stades under ulukka. Å finne dokumentasjon og svar involverer mange ulike aktørar. Det å setje saman alt til eitt bilde, tek også tid.

– Kjenner de på eit press?

– Vi føler veldig med alle som er involvert. Det er umogleg å ikkje la seg påverke av det, svarar Halvorsen.

Takkar for hjelp

Nyleg fann dykkarar frå Sjøforsvaret ein annan svært sentral helikopterdel etter ulukka. Haldaren til dei åtte planetgira vart funnen i sjøen i mars, og har vore ein sentral del av granskinga sidan då.

Svært mange har vore med å leite etter viktige delar, og Havarikommisjonen takkar alle som har bidratt til at ein kan finna svar.

– Det har vore ein fantastisk dugnad for å leite etter komponentar. Det har vore lagt ned ein formidabel innsats, og våre utanlandske kollegaer har gitt uttrykk for at dette er svært imponerande, seier Halvorsen.

Oppryddingsarbeid ved Turøy

13 OMKOM: Elleve oljearbeidarar og to pilotar mista livet i helikopterstyrten ved Turøy, 29. april 2016.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix