Legar rasar mot Helse Førde

I eit brev til styret krev overlegane ved Nordfjord sjukehus at pasientar som treng akutte operasjonar etter til dømes beinbrot ikkje vert sende til Førde.

Nordfjord Sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

- Det må jo pasientane reagere på også. Dersom ein pasient kjem inn med til dømes eit brot i handleddet og treng meir omfattande narkose må pasienten ut av Nordfjord Sjukehus og vidare til Førde for å få det gjort. Det tykkjer eg på ein måte er å halde pasientane for narr, seier Overlege Rune Muri ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Les og: Får behalde akuttberedskapen

Les og: Vil sentralisere ortopedien

Akutt sentralisering

Helse Førde vil at alle akutte operasjonar skal sentraliserast til Førde sentralsjukehus og saka skal opp i styret på fredag. Men vert dette vedteke vil legane på Nordfjordeid og i Lærdal måtte sende frå seg pasientar trass i at eit operasjonsteam er på jobb og kan hjelpe dei.

No krev overlegane ved Nordfjord sjukehus i eit brev at styret set foten ned for eit vedtak som dei meiner det er umogleg å spare pengar på.

Beredskap uansett

- All den tid det er ei fødeavdeling her vil det vere døgnberedskap for anestesi og operasjon uansett. Og all den tid det skal opererast inneliggande pasientar må ein ha ein eller annan form for beredskap uansett, seier Rune Muri..

Legane fryktar også for spesialistutdanninga innan ortopedi ved lokalsjukehusa. I haust var den nasjonale spesialistkomiteen på vitjing i Nordfjord og kom fram til at avdelinga var ein utmerka utdanningsstad som kunne doble talet på legar i spesialisering.

Samstundes får sentralsjukehuset kraftig kritikk, derfor vil Helse Førde at fleire pasientar skal verte sendt til Førde slik at legane får trening,

Trudde kampen var vunnen

Ordføraren i Eid og leiar i Nordfjordrådet Sonja Edvardsen seier ho tidlegare denne veka trudde at kampen om ortopedien var vunnen, men etter å ha sett seg nærmare inn i administrasjonen si tilråding ber ho styret i Helse Førde om å utsetje saka på fredag, men styreleiar i Helse Førde Clara Øberg vil ikkje love noko som helst.

- Slik vi ser saka ut frå det vi kan lese verkar dette greitt. Dette er etter ortopediplanen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Clara Øberg
Foto: Oddleif Løset / NRK

Må ha pasientar til Førde

Øberg seier at legane i Førde må ha fleire pasientar til si spesialistutdanning. Overlegane meiner at så lenge operasjonsteam uansett må vere på vakt vert det uhøyrt at pasientane berre må reise frå sjukehuset og til Førde.

- Det har eg forståing for. Men dette handlar om å få stor nok mengde i Førde. Rett og ei fagleg begrunning som har med utdanningsstillingar og den slags å gjere, seier Øberg.