Hopp til innhold

Vil sentralisere ortopedien

Harry Mowatt vil ha all ortopedisk akuttbereskap til sentralsjukehuset i Førde.

Harry Mowatt
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Det eg ser for meg er at vi kan sentralisere akuttberedskapen til sentralsjukehuset i Førde, og så kan ein ha planlagde operasjonar på Eid og i Lærdal. Det er uansett det som er hovudgesjeften ved lokalsjukehusa og den har eg ikkje tenkt å rikke ved, seier Harry Mowatt.

- Men kva med tryggleiken til folk i Sogn og Nordfjord?

- Om du som sogndøl bryt foten din er det ikkje noko heft å bli køyrd med sjukebil til Førde og få ordna det der. Eg trur ikkje dette har så mykje å seie for folk flest.

Ferskt styremedlem

Den tidlegare Hyllestad-ordføraren er relativt fersk som styremedlem i Helse Førde, og på sitt fjerde styremøte kom han med forslaget som vil skape debatt. Mowatt ba om at styret innan neste møte skulle ha ei utgreiing på bordet som viser kor mykje dei har å spare på å fjerne all ortopedisk akuttberedskap frå lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, og samle den på sentralsjukehuset.

- Poenget her er at det kan ha noko føre seg å samle det som er av akuttenester i Førde. Både fordi ein kan spare ressursar på det og fordi det kan byggje opp under spesialistutdanninga vi driv innanfor ortopedi, seier Mowatt.

Støtte i styret

Mowatt sitt utspel vart vedteke i styret, så administrasjonen i Helse Førde startar arbeidet med utgreiinga umiddelbart og vil leggje ho fram for styret på møtet 20. juni. Han vil ikkje seie noko om kva han trur utfallet av utgreiinga blir.

- Eg trur ikkje noko om den, men eg har ei kjensle av at her kan det vere noko å vinne, og då er det viktig at vi ser på det. Så tek vi avgjerda når vi har full kunnskap om det.

Få inngrep årleg

- Vi snakka om litt over 100 inngrep i året – ikkje eitt annankvar dag ein gong. Då må vi sjå om det er mogleg å bruke pengane på ein annan måte, seier han.

- Men kvifor skjer dette så raskt?

- Det er fordi at dersom det er mogleg å få fram ei utgreiing om ei endring så fort er det ingen grunn til å vente med det. Spesielt ikkje dersom det er økonomiske innsparingar å hente så trur eg vi skal gjere det fordi det då er økonomiske verknader å hente alt i år. Då vil vi også sikre oss heilårsdekning på i 2009, og sannsynet for at vi treng det for å få budsjettet i balanse er ganske stor, seier Mowatt.

Les og: Millionsmell for Helse Førde

- Ser fylket under eitt

Mowatt kom inn i styret som erstattar som for ein annan svært profilert arbeidarpartimann, Kjell Opseth. Han seier han ikkje trur at han får deler av Sogn og Nordfjord på nakken med eit slikt utspel.

- Det har eg ikkje tenkt på. Det eg har gjort er at eg har bedt om ei utgreiing som vi kan gjere eit vedtak på 20. Juni. Eg prøver å sjå fylket under eitt og er like oppteken av pasientane i Borgund som dei i Førde, seier Mowatt.