- Eg har i denne omgang ikkje funne det rett å føreslå slike endringar. Dei skal framleis ha ortoped, anestesilege, anestesisjukepleiar, operasjonssjukepleiar, turnuslege, gynekolog, jordmor, røntgen og labtenester på vakt. I framtida kan det bli aktuelt med endringar i måten å organisere det på, men det skal ikkje gå ut over tryggleiksbasen som sjukehusa skal vere, seier Jon Bolstad på nettsida til Helse Førde.
Han peikar på at Helse Førde også arbeider med å opprette akuttmedisinske team som skal kunne rykke ut frå lokalsjukehusa når det blir nødvendig.
Bolstad peikar og på at Helse Førde vil utvikle eit senter for kikholskirurgi i Nordfjord.
- Protesekirurgi i Lærdal er eit fyrtårn for både sjukehuset og Helse Førde. Pasientar frå store delar av landet reiser dit for å få behandling. Slik ønskjer vi også å utvikle Nordfjord sjukehus. Dei har spisskompetanse innanfor kikholskirurgi i ledd og den ønskjer vi å utvikle vidare, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Saka kjem opp på styremøte 20. juni. På forrige styremøte tok styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde til orde for å få utgreia ei sentralisering av akuttberedskapen.
Les:
Les: