Medan eitt kjøpesenter i Fana utanfor Bergen har størst omsetnad i heile landet, slit sentera i sentrum med å overleva.

Arkivfoto: Kjell Herning/NRK
Vil ikkje gå meir enn 200 meter
Amanuensis ved Handelshøgskolen i Bergen, Michael B. Hageberg, seier at det ikkje fins marknad for kjøpesenter i sentrum lenger fordi folk rett og slett er late.
- Når ein ikkje kan bruka bilen fram til der ein skal handla så har me som menneske ein innebygd dovenskap som gjer at me ikkje orkar å gå så langt. Då køyrer me heller til eit kjøpesenter som har gratis parkering rett føre døra, meiner han.
Hageberg viser til forskning som tilseier at folk ikkje vil gå meir enn 200 meter før dei er framme ved døra når dei skal handla.