Insekt kan snart gi norsk oppdrettslaks sunt og berekraftig fôr.
Forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har no funne ut at fisken likar og veks godt av larvar og fluger som er fôra opp på restavfallet vårt.
I nokre år har dei forska på insekt for å sjå kva restavfall dei likar å ete. Bakgrunnen for forskinga er at dei vil ale opp larvar på restavfall, som deretter skal bli til mat for fisk i oppdrettsanlegg.
På NIBIO har dei fått inn restavfall frå renovasjonsselskapet BIR, mellom anna grønsaker og brød, som insekta har ete med god appetitt.
Glade i øl, døyr av pizza
Mjølbillelarvane og flugene er også svært glade i øl, viser det seg.
– Om ein produserer larvar i nærleiken av eit bryggeri, får ein masse god mat til larvane, fortel stasjonsleiar Gunnhild Jåstad ved NIBIO.
– Og kva toler dei ikkje?
– Mellom anna pizza. Det døyr dei av. Vi trur det har med det høge saltinnhaldet å gjere, seier Jåstad.
Kan bli lakse-diett
Når larvane etter kvart har ete seg gode og mette, vert dei sendt vidare til Havforskingsinstituttet i Bergen.
Der blir både larvane og fisken som har ete dei, undersøkt nærmare.
– Det vi gjer er å analysere insekta for å sjå kva næringsstoff dei inneheld og om dei kan egne seg som ein diett for laks, seier forskingssjef Erik-Jan Lock.
I tillegg blir det undersøkt om larvane kan ta opp stoff som ikkje er ønskeleg å ha med vidare, som til dømes tungmetall.
– Dette er trygt å bruke fordi vi har kontroll over den maten som insekta et, seier forskingssjefen.
Jaktar på nye ressursar
Fiskemjøl har tradisjonelt blitt laga av marine artar, men oppdrettsnæringa er på jakt etter ressursar å erstatta dei med.
Insekta er proteinrike, og kan bli ei viktig fôrråvare i framtida.
Ved forskingsinstituttet på Lofthus trur dei ikkje det vil gå særleg lang tid før fisk som er fôra opp på restavfall-larvar kan ligge på tallerkenen vår.
– Eg tippar ein to-tre år, seier Gunnhild Jåstad.