Hopp til innhold

Lars trudde ringen berre var noko jugl – er truleg 800 år gammal

Grøftegravinga til Lars Haukås i Hardanger enda i funn med stor arkeologisk verdi.

Gullring frå høgmellomalderen, funne på Fosse i Hardanger.

STOR VERDI: Ringen er datert i perioden mellom 1200–1250.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Han skulle berre ta dei siste rest av jord for dagen. Plutseleg såg Lars Haukås noko som skein mellom dei tørre klumpane han reiv opp med jernriva.

– Den første tanken var at dette berre var noko jugl som ei jente hadde kjøpt borte på samvirkelaget, seier Haukås.

Men Haukås såg raskt at dette kunne vere noko heilt anna, av langt større verdi.

Lars Haukås fann gullring då han grov grøft

FLAKS: Lars Haukås grov med ei jernrive då han gjorde eit sjeldan funn.

Foto: Oddgeir Øystese

Truleg 800 år gammal

Etter det som truleg er fleire hundre år i jorda på Fosse i Kvam herad, ligg ringen no i ein safe på Universitetsmuseet i Bergen.

Ekspertane her har slått fast at det er ein ring frå mellom 1200-1250, frå perioden kalla høgmellomalderen.

Den er laga av gull og har ein smykkestein som enno ikkje er kategorisert.

– Metallet har jo ein verdi. Men den historiske verdien er mange gonger større.

Det seier Gitte Hansen, professor i mellomalderarkeologi ved UiB.

– Det er eit unikt funn. Det er særs sjeldan ein finn slike skattar, i alle fall utanom profesjonelle utgravingar.

Lars Haukås og historikar Gitte Hansen på Fosse i Hardanger

Lars Haukås fortel om historia om Fosse i Strandebarm til Gitte Hansen frå UiB

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein puslespelbit

Historikarane på UiB håper ringen kan gje dei meir kunnskap om livet på bygda i Noreg i mellomalderen.

– Dette veit vi faktisk ikkje så mykje om. Det meste vi har er frå byane. Ringen er som ein puslespelbit vi kan bruke for å få eit meir fullstendig bilete.

Hansen seier ringen er litt mindre enn ein ring for menn, og trur han kan ha blitt brukt av ei kvinne med hanskar.

– Eigaren er nok frå dei høgare sosial lag her i Hardanger.

No vil dei gjere analysar for å finne ut kvar ringen er laga, kva slags stein som ligg i og kvar den kjem frå. Og gjere samanlikningar mot liknande ringer.

Vart ringen mista?

Men somme hemmelegheiter vil nok ringen alltid halde på.

Til dømes korleis den hamna ved huset til Lars Haukås.

Ein gong var det eit stort klyngetun her, og funnet vart gjort på det som allereie då truleg var vegen ned til fjorden og båtane.

Kanskje vart ringen mista av nokon som hadde det travelt, og så skjult av snø eller gras? Kanskje tapet ikkje vart oppdaga før eigaren var midtfjords, og det var for seint og snu?

Haukås har mange tankar og teoriar om livet på Fosse for mange hundreår sidan.

– For ein flaks

– Det er utruleg å tenke på at eg vart ein del av historia på denne måten. For ein flaks, seier han.

Mattelæraren har til og med rekna ut kor stor sjansen er for at ein kan finne ein slik gullring ved tilfelle.

– Den er mindre enn å vinne 10 millionar kroner i pengespel, det er sikkert, seier mattelæraren.

– Kva ville du ha valt av ringen og pengane?

– Oj, den var vanskeleg! Det veit eg jammen ikkje. Men eg er glad for at eg fann ringen, i alle fall.

Gamle naust på Fosse ved Strandebarm i Hardanger.

I mange hundre år har folk kome til Fosse sjøvegen.

Foto: Oddgeir Øystese / NR`K