Hopp til innhold

Skilt og gjerde fører til færre påkøyrde hjort

Meir skilting og etablering av hjortegjerde slår positivt ut på tal hjortepåkøyrslar. – Samstundes trur eg også at folk er blitt meir observante, seier leiar av ettersøksutvalet i Sogn og Fjordane, Rudi Sønnervik

Rudi Sønnervik

POSITIVT: Rudi Sønnervik konstaterer at ein no ser effekten av fleire hjortegjerde og betre skilting langs vegane. Tal hjortepåkøyrslar er til no i år redusert med 20 prosent i høve siste par åra.

Foto: Norges Jeger- og Fiskeforbund

Dei tida av året har hjortepåkøyrslane ligge på kring 280 siste par åra.

På oppdrag frå NRK har politiet summert opp viltpåkøyrslane så langt i år. Dei viser 223 påkøyrslar. Ein reduksjon på ein femtedel.

– Det viktigaste tiltaket som er gjort, er å viltgjerde på utsette stader. Det stenger hjorten fysisk ute frå vegane. Samstundes ser vi at det blir meir og meir skilting. Det er nok medverkande årsaker til reduksjonen, seier Rudi Sønnervik.

Sønnervik er leiar av ettersøksutvalet i Sogn og Fjordane, og fylkesinstruktør i Norges Jeger- og Fiskeforbund avdeling Sogn og Fjordane.

Positiv utvikling

Med hausten følgjer mørke morgonar og kveldar. Tradisjonelt fører det til mange ublide møte mellom hjort og harde trafikantar. Berre dei siste fire dagane har sju hjortar blitt trefte av bilar.

Ettersøkshund og hjort

KREVJANDE: Rudi Sønnervik fortel at søk etter trafikkskadd hjort er krevjande. – Får dyret indre skade eller knekte føter, så er dei vanskelege å ta att og felle, seier han.

Foto: Norges Jeger- og Fiskeforbund

Sønnervik meiner gjerde, skilting og meir merksame bilistar er årsaka til at påkøyrslene har gått kraftig ned.

– Vi ser det mellom anna på Myrmel i Gaular kommune, der det er sett opp ein del viltgjerde. Sjølv om det framleis er påkøyrslar, så er det nok ein reduksjon, seier Sønnervik.

– Hjorten kjem fort

Har hjorten fri tilgang til å krysse sterkt trafikkerte vegar, har Sønnervik stor forståing for at det fort kan gå gale. Han oppmodar folk om å vere spesielt merksame der skogen står veldig tett mot vegen.

– Når hjorten kjem på vegen, så kjem den fort, seier Sønnervik. Vel vitande om at den mest hektiske tida med ettersøk framleis er nokre veker unna.

Når snøen byrjar å falle i fjellet, trekkjer hjorten ned i låglandet for å finne mat.

– November og desember er dei mest hektiske månadene. Då startar trekken for fullt, og då ser ein på tala at det blir fleire påkøyrslar, seier han.

Flinke til å melde ifrå

Bilførarar har plikt til å melde frå til politiet om uhellet først skulle vere ute og ein køyrer på eit viltdyr. Det er politiet som varslar viltnemnda i den aktuelle kommune.

Både politiet og Sønnervik har inntrykk av at folk er sitt ansvar bevisst.

– Framleis får vi einskilde meldingar frå folk som har sett trafikkskadde dyr, men som ikkje er meldt frå til politiet. Det blir det heldigvis mindre og mindre av, seier han.