Hopp til innhold

Her bør du vere obs på hjort

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Viltpåkøyrslar kostar samfunnet 600 millionar kroner årleg. Prislappen for hjortepåkøyrslar kosta i fjor forsikringsselskapa nesten seks millionar kroner - berre i Sogn og Fjordane.

Samstundes brukte Statens vegvesen under ein tiandedel til førebygging og tiltak mot hjortepåkøyrsler langs vegane i fylket.

Og fareområda er mange i eit av landets største hjortefylket.

- Det er gjerne riksvegane som er største problemet. Ein har god vegstandard, ein har høg fart og mykje trafikk. Då vil ein få mest ulukker på desse vegane, fortel miljøkontakt Ann Kristin Nes i Statens vegvesen.

400 000 til sikring

I fjor registrerte politiet 377 hjortepåkøyrslar på vegane i Sogn og Fjordane. Ein auke i høve 2009 då dei registrerte 354 ublide møte mellom hjort og harde trafikkantar. I 2008 var talet 400.

Ann Kristin Nes, miljøkontakt i Statens vegvsen.

GOD JOBB: Miljøkontakt i Statens vegvesen, Ann Kristin Nes, meiner dei gjer ein god jobb for å hindre samanstøyt mellom bilar og hjort.

Foto: Anna Gytri / NRK

Forsikringsselskapa seier at kvar viltpåkøyrsle kostar dei kring 15 000 kroner. Berre for Sogn og Fjordane er talet nær seks millionar kroner i 2010.

Under ein tidel vart for å hindre at hjort blir drepen og skadd i møte med bilar.

På landsbasis kostar dyrepåkøyrslar samfunnet heile 600 millionar kroner.

- I fjor brukte vi vel 400 000 kroner i reine vilttiltak, opplyser Nes.

Ikkje imponert

Beløpet imponerer slett ikkje Dyrebeskyttelsen, seier fylkesleiar Ove Myrmel.

- 400 000 kroner på eit år i Sogn og Fjordane er veldig lite pengar. For dei pengane får du ikkje mykje gjerde eller rydding langs vegane, seier han.

Vegdirektoratet har ikkje oversikt over kor mykje pengar dei brukte for å hindre slike påkøyrsler i fjor.

Blir prioritert

Sjefsingeniør Erland Røsten presiserer likevel at det er ei prioritert oppgåve.

- Vi har nyleg vedteke den nye tiltaksplanen for trafikktryggleik på veg. Då er påkøyrslar av hjortevilt eit av dei prioriterte områda som det blir satsa ekstra på dei neste fire åra, seier han.

Aukande problem

Dei siste åra har hjortepåkøyrslar vore eit aukande problem på vegnettet i Sogn og Fjordane. Vegvesenet har difor kartlagt kor problemet er størst, og det er her tiltaka skal settast inn.

Rydding av skog langs vegane, skilting om hjortefar og oppsetjing av hjortegjerde er mest brukt.

- Vi prøver å gjere det vi kan. Vi har mykje arbeid på gang og eg føler vi er komne godt i gang, meiner Nes.

Krev meir pengar

Medan Vegvesenet meiner dei gjer ein god jobb, krev Myrmel i Dyrebeskyttelsen derimot langt meir pengar til hjortesikring.

- Dette er ein kostnad som storsamfunnet må ta. Og det bør heilt klart leggjast inn i budsjetta. Pengane må brukast der problemet er størst fordi det er eit betydeleg tal hjort som blir påkøyrde. Det er mange som aldri blir rapportert påkøyrde. Sett i eit dyrevernperspektiv så er det eit stort problem, seier han.

- Har ikkje meir

Også i Trygg Trafikk vil dei ha fleire hjortegjerde og tiltak langs vegane.

- Det er klart at ein kan alltids bruke meir skattekroner for å sikre hjortetrekka og hindre ulukkene. Då vil ein også få mindre utbetalt i forsikringar, seier han.

Nes vedgår at dei kunne brukt meir pengar. Om dei hadde hatt det.

- Dette er tiltak som må konkurrere med andre tiltak langs vegane våre, seier ho.