Hopp til innhold

Køyrer på ein hjort om dagen

Og mange meldar ikkje frå når dei køyrer på hjort. Det fører til liding for dyra, seier ettersøksvakt.

Påkøyrd hjort. Illustrasjon.

I gjennomsnitt ein hjort til dagen vert påkøyrd i Sogn og Fjordane.

Foto: Andreas Solvik

På kort tid har det vore tre tilfelle i Breim der hjort har blitt påkøyrt og ligg att sterkt skada i vegen.

I sju-tida i dag vart ettersøksvakt i Gloppen, Torger Eimhjellen, oppringt av ein bussjåfør om ein hjort som låg sterkt skadd i ein vegkant i Breim, og jegrar måtte dermed ut og avlive han.

– Me var heldige at det var ein som som oppdaga hjorten. Hjorten låg rett ved vegbana, og var tydeleg i live. Denne gongen og var det ein uheldig bilførar som har passert utan å melde i frå, seier Eimhjellen.

Ikkje uvanleg

Han fortel at det ikkje er uvanleg at folk lar vera å melde i frå.

– Fylket vårt ha mykje vilt, og dette skjer desverre ofte seier han.

Eimhjellen kan fortelje at vinteren er den tida då flest hjort vert påkøyrd. Men han understreker at dei ser påkøyringar heile året.

Mørketal

Han seier at han vert svært glad når folk ringjer inn og meldar frå.

– Men eg er meir uro over mørketala. I dei tilfella der hjorten ligg ved vegbana, vil oftast ringe nokon og melde i frå. men i dei tilfella der den har stukke seg bak ei tue, eller ut i skogen, då er sjebnen til hjorten i høgste grad ukjend, seier Eimhjellen.

Ein til dagen

Politiet i Sogn og Fjordane stadfestar det Eimhjellen seier. Dei opplyser at dei til no har fått melding om 350 - 400 påkøyringar av hjort. Det tilsvarar omtrent ein om dagen.

– Det er veldig mykje, seier Eimhjellen.

Han fortel at hjortebestanden er aukande fleire stader i fylket, så dette er ikkje eit problem som vil gå ned. Og oppfordringa til ettersøksvakta er klår.

– Merk plassen der dyret var når uhellet skjedde, og ring politiet. Dette skjer stort sett i grålysninga, folk er groggy og har nok med å komme seg på arbeid. Men ring i det minste politiet, for dei kontaktar oss vidare, oppfordrar han.