Hopp til innhold

Laga maksimalt klisjéfull julesong

«Jeg rusler alene hjem fra butikken. Ribbe for én og to flasker øl.» Noreg har fått ein ny julesong, laga som eit stunt av ein journalist frå Bergen.

Eirik Alver skriver julesang

SKREIV NY JULESONG: Eirik Alver har laga både tekst og melodi heilt sjølv. Songen handlar om ein som frivillig feirar jul åleine.

Foto: Jørn H. Moen / Dagbladet

– Dette var eit heilt ellevilt stunt som sjefen min sette i gong på eit idémøte, seier journalist Eirik Alver i Magasinet Dagbladet.

Han fortel at dei sat og vrei hovuda i redaksjonen for å finna noko nytt å skriva om når det nærmar seg jul.

– Kjøpesenternissen? Det mest julepynta huset? Alt er jo gjort før. Kva viss me lagar ein ny julesong?

Klisjébonanza

Alle rundt bordet meinte det var for vanskeleg.

– Men eg som eplekjekk bergensar tenkte det måtte vera lett. Berre å lessa på med utslitne frasar, dårlege rim, og musikalsk klisjébonanza. Då sa sjefen: Den tar du.

  • Dagbladet presenterer historia og julesongen her.

I motsetnad til alle songane om folk som lengtar heim til jul, handlar den nyskrevne songen «Og utenfor daler englene ned» om ein som frivillig feirar jul åleine.

En gresshoppe synger at drømmer blir sanne
Lurer på hvem som får mandelen i kveld?

Eirik Alver
  • Høyr NRK Hordalands intervju med Alver her.

Eirik Alver har laget julesang

AMBISJONAR: Eirik Alver seier han har fått djup respekt for alle som lagar popmusikk etter julesong-stuntet.

Foto: Agnete Brun / Dagbladet
Chris kjem aldri heim

Alver understrekar at han har laga både tekst og melodi heilt sjølv. Men undervegs fekk han nokre råd og vink frå musikar Ingrid Bjørnov, som dette:

Lag en dustelåt med et platt refreng, et dårlig vers.

Ingrid Bjørnov

– Er dette ein protest mot julemusikken i radioen?

– Skulle ønska eg kunne sagt ja, men eg tykkjer julemusikk er kjempeflott, så lenge det er i ein avgrensa periode. Eg byrjar å bli lei av Chris Rea som køyrer og køyrer og aldri kjem heim til jul. De treng jo ikkje spela den 27 gonger dagleg frå 1. desember, meiner Alver.

Frå ironi til respekt

Eirik Alver

FEKK JOBBEN: Kollegaane meinte det var for vanskeleg, men den bergenske Dagbladet-journalisten klarte å lage ei heilt ny julesong.

Foto: Agnete Brun / Dagbladet

Han syng ikkje sjølv, men melodien er spelt inn av bandet Hjelpekorpset, med Frode Vassel på vokal.

– Han er ein ung bergensar med ei usedvanleg vakker og sår stemme som passar perfekt til teksten. Eit slumpetreff, meiner Alver.

– Min kjølige ironiske distanse blei etter kvart erstatta av ambisjonar på songens vegne. Etter dette har eg fått djup respekt for alle som lagar popmusikk. Og eg fekk heilt sjokk då eg høyrde kor flott det blei.

Her er heile teksten. Døm sjølv!