Hopp til innhold

Lag deilige julekaker og konfekt

Sjokolade og konfekt er noko dei fleste likar, og førjulstida og juletida er høgtid for godsaker. Mange lagar også sitt eige snop i mange ulike versjonar.

Ole John Berntsen og Stein Aase

SØTE SAKER: Konditor Ole John Berntsen kom i studio til Stein Aase for å gi radiolyttaren gode oppskrifter.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I morgonsendinga i dag hadde morgonvertane Gro Ravnestad og Stein Aase besøk av konditor Ole John Berntsen frå Naustdal Dampbakeri.

Med seg hadde han oppskrifter på berlinerkransar, smultringar og deilige sjokoladekonfekt med karamell og maldonsalt.

Få gode tips frå konditoren:

Viktig med ekte sjokolade

Berlinerkransar

Berlinarkransar

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Smultringar

Smultringar

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Sjokoladekonfekt med karamell og maldonsalt

Sjokoladekonfekt med karamell og maldonsalt

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Berntsen kom med gode tips til alle som likar snop og kaker no i førjulstida.

– Skal ein lage konfekt eller kaker med sjokolade, er det viktig å bruke ekte sjokolade.

Det vil seie at sjokoladen må innehalde kakaofeitt og ikkje noko anna,

– Det er viktig for å få eit godt resultat. Den prosenten som står på, bestemmer om det er lys eller mørk sjokolade, seier han.

Både Gro og Stein likte godt sjokoladekonfekten med karamell og maldonsalt.

– Maldonsalt er eit flaksalt, og det er ofte veldig godt å blande søtt og salt, fortel Berntsen.

Her finn du oppskriftene:

Stein Aase, Gro Ravnestad og Ole John Berntsen

GOD STEMNING: Morgonvertane Stein Aase og Gro Ravnestad fekk godt tips av Ole John Berntsen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK