Berlinerkransar

Mange likar berlinerkranser til julekosen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Berlinerkransar

Småkaker til jul. Oppskrifta får du frå konditor Ole John Berntsen frå Naustdal Dampbakeri. Han var gjest i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Slik gjør du

Gni ut dei kokte eggeplommene og bland dei med dei rå.

Tilsett sukker og visp god.

Bland vekselvis i romtemperert smør og mjøl til du har ein smidig deig. Avkjøl deigen i minst 30 minutt i kjøleskap.

Trill deigen ut til tynne pølser, omlag 10 cm lange. Form dei til kransar med endene i kryss.

Legg kransane på bakepapir eller direkte på smurt steikeplate. Pensle med eggekvite, dryss på perlesukker og steik kakene på 180 grader i omlag 10 minutt til dei er lys gule.

Kilde: Ole John Berntsen