Hopp til innhold

Lærar manipulerte born til sexprat – hadde sexleiketøy på kontoret

Ein lærar på ein vidaregåande skule i Vestland manipulerte og overtalte fleire born til seksualiserte samtalar på Snapchat og Skype.

Illustrasjon av snapchat

NETTOVERGREP: Ein lærar i 40-åra er no dømd for omfattande overgrep mot barn.

Foto: Lene Sæter / NRK

Det kjem fram i ein fersk dom frå ein av tingrettane på Vestlandet.

Saka kom til overflata då faren til ei 11 år gamal jente fann ut at ho hatt seksualisert kontakt med ein ukjend mann på Snapchat. Han tok kontakt med politiet 11. april i 2019.

Politiet starta etterforsking og mistanken blei etter kvart retta mot læraren i 40-åra. Dei hadde spora seg fram til mannen via elektroniske spor han hadde lagt igjen.

7. november i 2019 gjekk politiet til aksjon og gjennomførte blant anna husransaking.

Fann kasse med sexleiker

Dei ransaka også mannen sin kontorplass og skap på den vidaregåande skulen der han jobba.

Dei fann blant anna ei kasse med sexleiketøy i garderobeskapet til mannen.

På ein mobiltelefon som også var på skulen, fann dei rundt 20 overgrepsbilete av barn.

I retten kom det fram at politiet har utført omfattande etterforsking for å forsøke å finne identiteten til dei ulike brukarane læraren hadde kontakt med på nett.

Han er no dømt for overgrep mot fem barn frå 10 til 15 år, der tre av jentene er kjende for politiet. To av dei er framleis ukjende.

– Det er høgst sannsynleg at alle barna frå Noreg, skriv tingretten i dommen.

Meiner han er uskuldig

Men sjølv meiner mannen at det er andre folk som har hatt kontakten med desse barna via hans telefonar og datautstyr.

I politiavhøyr og i retten meinte mannen at han kunne ha vore utsett for hacking.

Han meinte også at andre kan ha hatt tilgang til bilete og videoar der han viser fram sitt eige underliv.

Kven denne personen eller desse personane skulle vere, har ikkje læraren hatt noko godt svar på. I retten blei han ikkje trudd på at andre skulle ha utført overgrepa.

– Retten finn ikkje å kunne feste lit til tiltalte si forklaring som framstår oppkonstruert med hensikt om å unndra seg straffeforfølging, heiter det i dommen.

10 månader i fengsel

Retten meiner derimot at mannen overtalte og manipulerte barna til prat som også omfatta utveksling av bilete og videoar med eit seksualisert innhald.

– Overfor fleire av dei fornærma har tiltalte spurt om dei ville møte han personleg, utan at det er konkrete haldepunkt for at det nokon gong har skjedd reint faktisk, står det skrive i dommen.

Tingretten dømde mannen til 10 månader i fengsel. Til fråtrekk kjem 49 dagar i varetekt.

Mannen sin forsvarar seier til NRK at han vil anke dommen vidare til lagmannsretten.

– Min klient er tydeleg på at han meiner dommen er feil, seier advokaten.

Påtalemakta har førebels vore tilgjengeleg for kommentar til NRK.