Hopp til innhold

La fiberkabel gjennom rekefelt utan løyve

Allereie før løyvet var gjeve, plasserte entreprenøren fiberkabelen rett gjennom eit rekefelt i den nasjonale laksefjorden. – Uheldig, seier Kystverket og Fiskeridirektoratet.

Førdefjorden sett frå Nordheia i Førde.

FØRDEFJORDEN: Grender på begge sider av fjorden skal få raskare internett, men fiberkabelen vart lagt ut utan løyve.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Vi har hatt inne fleire søknader om sjøkabel i same område, der to av søknadane er forveksla. Dette er rett og slett ein menneskeleg feil, seier Terje Pettersen hos GS-Maskin.

– Uheldig

På vegne av breibandselskapet Enivest skulle dei i fjor haust og i vinter lagt fiberkabelen i fjorden, mellom Naustdal og Ervika i Askvoll. Kabelen skal syte for fiber til grender ved Førdefjorden.

Slike tiltak krev løyve etter plan- og bygningslova eller hamne- og farvasslova.

Men allereie før kommune, Fiskeridirektoratet og Kystverket var ferdige med behandlinga, gjorde entreprenøren seg ferdige med arbeidet.

Jan Morten Hansen er regiondirektør i Kystverket Troms og Finnmark

UHELDIG: Jan Morten Hansen, leiar for hav- og kystforvalting i Kystverket, seier at dei har venta på fleire opplysningar frå entreprenøren i saka.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

Leiar ved hav- og kystforvaltninga i Kystverket, Jan Morten Larsen, seier dette er uheldig.

Dette er noko som førekjem frå tid til annan, seier han.

Varslar tvangsmulkt

Kommunen har i to brev bede selskapet om forklaring, utan å få dette skriftleg. Denne veka varsla kommunen at dei vurderer pålegg om retting og tvangsmulkt.

– Status er at det ikkje er gjeve løyve i byggesaka, stadfestar Odd Harry Strømsli, leiar areal og byggesak i Sunnfjord kommune.

– Blir det gjeve løyve i etterkant, eller må kabelen flyttast?

Det er det for tidleg å svare på. Vi må sjå kva som kjem frå Fiskeridirektoratet, og kva søkjar svarar på vårt brev, før vi handsamar saka ytterlegare.

Rekefelt og fiskeplass

I Sogn og Fjordane Fiskarlag er dagleg leiar Henriette Skaar overraska over at fiberkabelen allereie er rulla ut. Ho seier det er registrert fiskeplass, to rekefelt, eit lokalt viktig gyteområde for torsk i området.

Fiberkabel over Førdefjorden

FIBER: Entreprenøren har søkt om å få legge fiberkabelen i fleire delstrekk mellom Ervika og Naustdal. Kabelen er lagt ut, sjølv om søknaden framleis er under behandling.

Foto: Illustrasjon / GS-Maskin

I høyringsuttalen bad difor Fiskarlaget om at kabelen i størst mogleg grad blir plassert på land, eller lagt i eksisterande kabeltrasé. Dei bad og om at arbeidet vart utført utanom gyteperioden.

– Når kabelen blir lagt midt i eit rekefelt, så kan trålen hekte seg i fiberkabelen og gjere skade på enten kabel eller reiskap, seier Skaar.

Utbyggingssjef i Enivest, Kåre Strømmen, seier at erfaringane deira tilseier at kabelen grev seg ned i fjordbotn.

Vi har ikkje opplevd problem i andre tilfeller der det ligg kabel i eller ved eit fiskefelt. Kabelen vil også være synlig i alle sjøkart, seier Strømmen.

Strømmen seier at entreprenøren ei tid har jobba tett mot Kystverket og kommune for å rette opp i feilen. Han seier at det er er vanskeleg å gardere seg fullt ut mot menneskeleg svikt.

Tek kostnaden sjølve

Leni Marie Lisæter
Foto: Privat

Etter det Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet kjenner til, vart kabelen lagt 19. november i fjor. Ho er seksjonssjef kyst- og havbruk i Region Vest. Dei har også ovanfor entreprenøren åtvara mot å legge kabelen gjennom rekefeltet.

– Vi har informasjon frå tidlegare saker om at fiberkablar har lita eigenvfekt, og ikkje synker like langt ned i mudder som til dømes rør, seier ho.

Røyr og kablar i rekefelt kan hindre fiskeri og fiskarar kan bli erstatningspliktige for skade. MEN:

I etterkant har Enivest skreve under på at fiskar ikkje er erstatningspliktig for skader, og at kabelen er overtrålbar, seier Lisæter.

Har ikkje «teke seg til rette»

Henriette Skaar ved hamna i Måløy

OVERRASKA: – Vår erfaring er at dei lyttar til fiskarlag, og tek omsyn til fiskerinæringa. Dette er det motsette. Det er lett for at fiskerinæringa kjenner seg overkøyrde, seier Henriette Skaar i fiskarlaget.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Skaar meiner saka er prinsipielt viktig, og er spent på kva følgjer det får at entreprenøren har «teke seg til rette og lagt kabelen på offentleg grunn» utan løyve.

– Eg håpar det blir retta opp, utan at det skaper presedens for at ein kan få godkjend legging av kablar etter at den er lagt ut, seier ho.

Pettersen avviser at GS-Maskin har teke seg til rette, for så å håpe på tilgjeving. Dei vil rydde opp, men ventar og ser korleis.

– Vi har inne nye søknader hos Fiskeridirektoratet, som skal vidare til Kystverket. Vi ventar svar i neste veke på dette, seier han.

LANDTAK: Fiberkabelen gjennom Førdefjorden skal ha fire landtak. Ifølgje opplysningar Fiskeridirektoratet har fått, vart kabelen lagt 19. november i fjor.