Hopp til innhold

Lokalavis hyllar den viktige notisen

– Terskelen for kva notis som vart sendt til trykken var ganske så låg for å seie det sånn, forklarar redaktøren i avisa Kvinnheringen. I dag kom lokalvisa ut i ei ganske så spesiell utgåve, heile avisa inneheldt nemleg berre notisar.

Tomas Bruvik

HYLLAR NOTISEN: Redaktør og dagleg leiar for Kvinnheringen, Tomas Bruvik, gav lesarane i dag ei uvanleg avis med berre notisar som innhald.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Ei uvanleg utgåve av lokalavisa Kvinnheringen vart dumpa ned i dei fleste postkassar i Kvinnherad i dag tidleg. Lesarane vart nemleg møtt av ei heilt kvit framside, med ei enkel notis i midten og med berre notisar som innhald inne i avisa, faktisk heile 210 til saman.

Dei som i utgangspunktet ikkje er interessert i å lesa det som står der, gjer det kanskje likevel fordi dei er så korte

Tomas Bruvik, redaktør i Kvinnheringen

– Det er ei avis med det som skal vera veldig godt lesestoff, altså notisen, seier redaktør og dagleg leiar for Kvinnheringen, Tomas Bruvik.

Kjekt med ei annleis avis

Ideen fekk redaksjonen medan dei åt lunsj. Dei ville prøva å gjera noko annleis og noko artig for lesarane sine.

– Både redaksjonen, marknadsavdelinga og grafikarane syntest det høyrdest kjekt ut og at det var ei god idé, så då hoppa vi ut i det og prøvde oss, seier Bruvik.

– Er det mykje stoff i denne avisa som normalt ville vore på fleire sider, som dykk no må klemma ned til ei bitte lita notis?

– Om ikkje fleire sider, så hadde i alle fall mange av sakene vore langt større, men kanskje også meir kjedeleg. Så eg trur at for lesarane så var det kjekt å få ei annleis avis med korte og gode notisar, men dette er ikkje noko vi kan gjera kvar einaste dag, forklarar han.

Meir arbeid enn vanleg

Redaktøren trur at grunnen til at lesarane er så glad i notisen, er fordi informasjonen er kort og veldig konsis.

– Eg trur det er i stor grad grunnen til at lesarane set så pris på notisane. Dei som i utgangspunktet ikkje er interessert i å lesa det som står der, gjer det kanskje likevel fordi dei er så korte, seier Bruvik.

Det vart meir arbeid med å skaffa desse notisane til å fylla ei avis, enn å laga den tradisjonelle utgåva.

– Det har vore utan tvil mykje meir arbeid enn til vanleg. Vi har heldt på i det små i nokre veker, og så måtte vi laga ein del mot slutten. Dei 210 notisane eller nyheitene måtte jo også vera oppdaterte, så her gjekk det masse tid til å ringa og leita fram notisar, seier Bruvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvinnheringen

UVANLEG INNHALD: Lokalvisa Kvinnheringen hadde til saman 210 notisar i avisa si i dag.

Foto: Tale Hauso

Ganske låg terskel

– Kva var terskelen for at ei notis fekk lov til å vera med i denne utgåva?

– Den var veldig låg, for å seie det sånn. Det er nok nokre faktaopplysningar som vi kanskje elles ikkje ville presentert i ei vanleg avis, flirer redaktøren.

Avisa har notisar i alle slags formar. Både sportsdelen og den historiske tilbakeblikk-delen har sine eigne. Det er til og med notisar frå 15, 20, 25, 30 og 40 år sidan.

– Det stemmer. Vi har vanlegvis ei spalta med historiske tilbakeblikk i den vanlege, så då måtte vi også ha notis frå dei, forklarar han.

Panikk lika før «deadline»

Avisa hadde planlagt minimum 200 notisar, men rett før trykketid fann dei berre 194 stykk.

– Då fekk vi lett panikk. Då måtte vi skriva seks stykk så fort som mogleg, men så viste det seg at vi hadde gløymt å telja med ei side, så då kom vi til slutt opp i 210 notisar, forklarar redaktøren.

– Kjem dykk til å satsa vidare på ekstra mange notisar og i tida framover?

– Eg skulle ønskje eg kunne svara ja, men vi skal prøva så godt vi kan å ha godt med notisar i kvar einaste avis framover. Det vert ofte nedprioritert, men med eit større fokus på det så trur eg at vi skal klara å laga fleire enn vi har gjort tidlegare, seier Bruvik.

Gode tilbakemeldingar

Etter den spesielle avisutgåva fekk redaksjonen mange gode tilbakemeldingar frå lesarane.

– Ja, vi har fått mange kjekke tilbakemeldingar både på epost og telefonen, seier ein nøgd redaktør.

Men det kom også ein negativ tilbakemelding etter stuntet.

– Vi fekk ein negativ tilbakemelding. Vedkommande syntest det vart for slitsamt å lesa så mange notisar. Men vi tok det ikkje så tungt, og så abonnerer ikkje personen på avisa likevel, flirer Bruvik.