Hopp til innhold

Kvinne og mann funne døde i bustad: Ope vindauga fekk naboen til å slå alarm

Politiet etterforskar mistenkelege dødsfall etter at ei kvinne og ein mann er funne døde i eit hus i Øygarden. Dei blei funne etter ei bekymringsmelding frå ein nabo.

Ope vindauga

Eit ope vindauga i huset fekk naboen til å varsla politiet natt til onsdag.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Kvinna i 50-åra og mannen i 40-åra blei funne døde i huset dei budde i i Øygarden utanfor Bergen natt til onsdag.

Dei blei funne av politiet rundt klokka 02.00, etter ei bekymringsmelding frå ein nabo like før.

Pårørande er varsla, ifølgje politiet.

Krimtekniker, dødsfall to personer Øygarden

Politiet jobbar med undersøkingar på staden der dei to personane blei funne døde natt til onsdag.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Jobbar ut frå fleire hypotesar

Politiet har oppretta sak om mistenkeleg dødsfall.

– Me jobbar ut frå fleire moglege hypotesar om kva som kan ha skjedd, og gjennomfører dei undersøkingane som er naturlege i ei slik sak, seier politiadvokat Linn Skaar Sætre.

Ho legg til at det er for tidleg å seia kva som er dødsårsaka, og at dei to tidlegast blir obduserte torsdag.

– Det er ikkje openbert kva dei har døydd av, seier Sætre.

Krimteknikarar er på plass for å gjera undersøkingar.

Dødsfall i Øygarden

Politiet jobbar på staden i Øygarden der ei kvinne og ein mann blei funne døde.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Nabo fekk ikkje kontakt

Ei nabokvinne varsla politiet i natt, skriv BT. Ho seier til avisa at det hadde gått rundt ei veke sidan ho hadde sett livsteikn frå naboane. Eit vindauge stod også ope, med frost på gardinene.

– Ho hadde ikkje hatt kontakt med desse personane på ei stund og reagerte på det, seier politiadvokat Linn Skaar Sætre.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) seier kommunen ikkje har fått spørsmål om å bidra i samband med dødsfalla. Han vil ikkje kommentera saka på noverande tidspunkt.

NRK presiserer: Politiet opplyste først feil alder på dei døde. Det er retta 10.57.

Øygarden kart