Hopp til innhold

Kuttforslag møtt med hovudrysting aust om fjella

Urimeleg og utenkjeleg er ord som vert brukt om at Sogn og Fjordane fylkeskommune utgreiar moglegheita for å vinterstengje aust-vest-samband.

Fv 50 Hol-Aurland Geiteryggstunnelen

ØNSKJER FRAMLEIS HEILÅRSVEG: Både lokalsamfunn, næringsliv og kraftproduksjon vert råka om fv. 50 Hol - Aurland vert vinterstengt, meiner Buskerud fylkeskommune.

Foto: Anne Grethe Teigland

Dei er oppgitte på austsida av fjellet. Samla må Sogn og Fjordane fylkeskommune spare om lag 224,5 millionar kroner dei fem neste åra, og har sett i gong eit omfattande arbeid med å finne ut kvar ein kan kutte utgifter.

– Å vinterstenge Hol - Aurland synest vi er heilt urimeleg og nesten heilt umogleg å tenkje seg, seier leiar av samferdsleutvalet Trond Johansen (KrF) i Buskerud.

Fylkesadministrasjonen greier ut over 40 ulike innsparingsforslag. Punkt 46 er: "utgreie potensiale for innsparing ved vinterstenging av vegar og utsett opning/tidlegare stenging av vinterstengde vegar."

Fv. 53 Årdal - Tyin

HEILÅRSVEG ELLER VINTERSTENGT: Oppland fylkeskommune ber Sogn og Fjordane ikkje stenge fylkesvegen mellom aust og vest om vinteren.

Foto: Staten

Stort engasjement

Både Oppland og Buskerud fylkeskommunar har sendt brev der dei oppmodar sterkt om ikkje å vinterstenge høvesvis fylkesveg 53 Tyin - Årdal og fylkesveg 50 Hol - Aurland. Vang og Årdal kommunar har gått saman om ein eigen rapport om konsekvensane om vinterstenging.

Trond Johansen

PROTESTERER: Trond Johansen (KrF) meiner det ikkje er eit alternativ å vinterstengde fylkesveg 50.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Ved vinterstengd veg vert det eit dårlegare busstilbod, samstundes får hytteeigarar på Filefjell det mykje vanskelegare med å kome seg fram, seier leiar for strategisk samferdsle Anita Moshagen i Oppland fylkeskommune.

Tungvindt

Også energikonsernet E-CO Energi er uroa over konsekvensane ein vinterstengt fylkesveg vil få. For høgt til fjells mellom Hol og Aurland, ligg reguleringsanlegga til verksemda. Kvar veke, vinteren gjennom, kontrollerer dei vannsstand, snøforhold og utfører vedlikehald i området.

– Vi likar forslaget svært dårleg. Arbeidet vårt vert mykje meir tungvint. I dag er vegsambandet mellom Hol og Aurland om lag 50 kilometer, men må vi køyre om Hemsedal vert det opp mot 200 kilometer, seier produksjonssjef Alf Inge Berget.

Kan få hjelp

Innan samferdsle er det lagt fram ni ulike innsparingsforslag som no vert greia ut.

– Vi legg fram fakta, så vert det opp til politikarane å prioritere. Vi kjem ikkje med ei tilråding, forklarar fylkesdirektør for samferdsle Velaug Veum.

Velaug Veum

HENTAR INN FAKTA: Ni av dei 50 innsparingsforslaga hos fylkeskommunen gjeld samferdsle. Fylkesdirektør Velaug Veum seier arbeidet er omfattande.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men aust om fjella er fylkespolitikarane i Buskerud så uroa over arbeidet som er sett i gong, at dei alt har gjort eit relativt uvanleg vedtak. Dei seier seg villige til å vere med å finansiere vintervedlikehaldet slik at fylkesveg 50 vert verande ein heilårsveg.

– Det er litt oppsiktsvekkande, for vi har i grunn meir enn nok med vegane på vår side av fylkesgrensa. Vi har eit sterkt ønskje om å bruke vegen heile året, seier Trond Johansen (KrF).

I midten av mai skal fylkespolitikarane avgjer kva innsparingsforslag som skal gjennomførast.