Hopp til innhold

Kuttar i løyvingar til krisesenter

Krisesenteret fryktar for drifta, etter at fleire kommunar kuttar i løyvingane.

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

TRIST: Dagleg leiar Wenche Hovland ved Krisesenteret er redd konsekvensane av reduserte løyvingar kan bli dårlegare tilbod til brukarane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Frå i år er det opp til kommunane sjølve kor mykje dei vil løyve til Krisesenteret - og for 2011 har fleire kommunar redusert sine løyvingar.

- Dette kan ikkje halde fram, seier dagleg leiar Wenche Hovland ved Krisesenteret.

Krisesenteret fryktar no for drifta, etter at fleire kommunar har redusert løvingane sine - til dømes har Førde og Sogndal redusert desse med over 212.000 kroner til saman.

- Synest det er frykteleg trist

Fram til i fjor kom løyvingane frå staten. No går dei inn i rammetilskotet til kommunane, og det er opp til kommunane kor mykje dei vil løyve til Krisesenteret.

- Konsekvensane kan i verste fall bli eit kutt til tilbodet til brukarane, meiner Hovland.

Ho legg til:

- Eg synest det er frykteleg trist. Vi har krav på dette ifølgje lova - alle menneske har krav på krisensentertilbod, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Nokre må løyve meir - andre mindre

Medan krisesenteret har søkt om pengar etter talet på innbyggjarar, har fleire kommunar brukt ei anna fordeling, forklarar rådmann Ole John Østenstad i Førde.

- Vi legg opp til å bruke ein fordelingsnøkkel som samsvarer med den auken som kommunane har fått i rammetilskot frå staten, seier han.

Ifølgje rådmannen vil det bety at nokre kommunar dermed må løyve meir enn tidlegare, medan andre kan løyve mindre.

- Det handlar jo alltid om pengar

For Krisesenteret betyr det at dei må håpe på auka løyvingar frå kommunane som enno ikkje har meldt sine løyvingar.

- Alle veit om ansvaret sitt, og at det er lovpålagt. Men det handlar om pengar. Det er jo pengar det alltid handlar om, seier Hovland.