Hopp til innhold

Starta kronerulling for krisesenter

Krisesenteret i Florø får no økonomisk hjelp frå privatpersonar.

Bjørg Ladehaug

STARTAR KRONERULLING: Bjørg Ladehaug håper å samle inn 200 000 kroner til krisesenteret.

Foto: Asgeir Reksnes

Etter at fylkestinget før jul sa nei til å løyve 200 000 i årleg støtte til senteret, vart Bjørg Ladehaug så opprørt at ho no har starta kronerulling for senteret.

Ladehaug som jobbar på kvinneklinikken ved sentralsjukehuset i Førde, seier krisesenteret vert brukt av kvinner frå heile fylket. Difor meiner ho at alle bør kunne bidra.

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg at dei som har teke på å hjelpe, ikkje skal ha eit fast budsjett i forhalde seg til. At dei aldri veit kor lenge dei kan drive eller om dei må leggje ned. Det er heilt skammeleg og vi bur som bur i fylket burde reagere på det med å sende eit beløp inn slik at dei får pengar til å drive i 2011.

– Du har starta kronerulling, kva effekt trur du at det har?

– Eg håper vi får inn det beløpet som fylkeskommunen ikkje ville løyve. Dersom 2000 av oss betaler 100 kroner kvar, så har dei det beløpet. Det burde kunne la seg gjere.