Hopp til innhold

Kuttar i ambulanseflyberedskapen

Avinor endrar ambulanseflyberedskapen ved 14 lufthamner, ti av desse vil stå utan beredskap om nettene.

Førde lufthamn, Bringeland

ENDRING: Førde lufthamn er ein av dei 14 flyplassane som får ei endring i ambulanseflyberedskapen sin.

Foto: NRK

Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef Avinor

FORSVARLEG: Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef Avinor.

Foto: Tommy Normann

– Vi ser at ved nokre av lufthamnene så vert ikkje høve til å ta ned ambulansefly nytta i det heile. Ved enkelte lufthamner har det kanskje vore så lite som eitt tilfelle i året, seier Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Endringane kjem til å bli sett i verk i løpet av året, forklarar ho.

Ved lufthamnene i Sogndal, Førde og Sandane er det vurdert at det er forsvarleg å endre beredskapen. I Florø vert det inga endring.

– Vi meiner dette ikkje vil gå utover pasienttryggleiken, og det meiner også helseføretaka, seier Høeg Ulverud.

Saman med helsetenesta fekk Avinor i 2015 eit oppdrag frå samferdsledepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet om å sjå på moglegheita for å organisere ambulanseberedskapen ved lufthamnene på ein anna måte.

Slik vert beredskapen: (Les meir her)

Slik vert ambulanseflyberedskapen

SJEKK DIN FLYPLASS: Slik vert ambulanseflyberedskapen. Les meir her.

Foto: avinor

Meir effektivt med bil og helikopter

Ambulansefly fraktar blant anna donerte organ, og hardt skadde pasientar i heile landet. Det vil framleis vere tilgjengeleg ambulanse- og redningshelikopter.

– Ved dei lufthamnene vi kuttar heimevakta er det ikkje behov for ei ordning som gjer at ein må bemanne lufthamna utanom opningstid. I fleire tilfelle vurderer helseføretaka biltransport og helikoptertransport som meir effektivt, seier Høeg Ulverud.

Helse Vest har anbefalt å leggje ned beredskapen for ambulansefly utanom opningstidene på lufthamnene i Sogndal, Førde og Sandane.

Skal dekke beredskapsbehovet

I Avinor sin rapport vert det lagt vekt på at ved lufthamna i Sogndal er det hovudsakleg behov for uttransport av pasientar. Her vil det heller bli tilrettelagt for tilgang på drivstoff for å dekke beredskapsbehovet.

I Førde skjer dei aller fleste transportane i flyplassens opningstid, og det meste vil kunne gjennomførast utan beredskap utover det. Luftambulansehelikopteret i Førde vert brukt til dei fleste akuttoppdrag og Florø er ei alternativ lufthamn, står det i rapporten.

Sandane lufthamn vert lite brukt utanom opningstid, og helseføretaka si oppfatning er at endringar i beredskapen her vil ha lite konsekvens. Det vil likevel vere mogleg å lande og ha sjølvbetent fylling av drivstoff utanom opningstid.

Sandane lufthamn Anda

KUTT: Sandane lufthamn Anda.

Foto: Eva Marie Felde

Anbefalingane i utgreiinga viser moglegheit for å redusere kostnader for Avinor med minst 15 millionar kroner per år.