Hopp til innhold

For komplisert for legane: Slik skal kunstig intelligens oppdaga kreft

Snart kan kunstig intelligens hjelpa legane med å stille meir treffsikre kreftdiagnosar. Datamaskinene ser detaljar som er vanskelege for kreftlegane å sjå på bileta.

ai kreftforskning

KUNSTIG INTELLIGENS: Med den nye metoden kan ein diagnostisere svulstar mykje meir nøyaktig enn det som er mogleg i dag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Norske forskarar står framfor det som kan vere ein liten revolusjon.

På Haukeland universitetssjukehus i Bergen har dei utvikla ein metode for å kunne diagnostisera svulstar mykje meir nøyaktig enn det som er mogleg i dag.

Forskarane trur at bruk av kunstig intelligens kan føre til raskare og meir treffsikker behandling.

Det er informasjon som er veldig vanskeleg for det menneskelege auget å oppfatta, men som då blir henta ut med hjelp frå eit dataprogram, seier matematikar Erlend Hodneland.

– Funn blir tabellført og vurdert opp mot ein database som fortel kor stor risiko pasienten har, fortel han vidare.

AI kreftforskning

F.v. Nina Herfindal og professor og overlege Jone Trovik på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Revolusjon på trappene

Nina Herfindal har nyleg vore gjennom ein lang kamp mot kreften.

Etter diagnostisering, behandling og rehabilitering er ho no fri for kreft, men er inne for ein avsluttande kontroll.

Ho er mykje trøytt og slit såpass med mimikken av det blir lite brodering om dagen.

– Det blir helst strikking for å halde lemmene i gang, seier Herfindal.

Biletet av svulsten som var i livmora hennar danna grunnlaget for behandlinga ho fekk.

Kreftsvulst
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Her ser vi ei livmor med ein stor svulst som lyser opp. Og her er ein liten spreiingssvulst ute i ein lymfeknute nede i bekkenet, seier overlege og professor Jone Trovik og peikar på dei lyse felta.

Vanlegvis sit eigne røntgenlegar og studerer ei rekke ulike bilete frå pasienten for å avdekke kor kreften er og om den kan ha spreidd seg.

– Det tek tid og er arbeidskrevjande, seier Trovik.

Men no står forskarane ved sjukehuset overfor det som kan vere ein liten revolusjon: Å kunne diagnostisere svulstar kjappare og mykje meir nøyaktig enn det som er mogleg i dag ved hjelp av kunstig intelligens.

– No kan vi få informasjon frå bileta om det er ein spesielt aggressiv svulst. Det klarer vi ikkje berre sjå ut frå dette biletet, fordi det er digital informasjon som må tolkast maskinelt etter veldig avanserte matematiske modellar, seier ho.

– Då kan røntgenlegane få hjelp til å sjå om det er noko eksepsjonelt ved ein svulst. Så kan dei gå gjennom det sjølv og stadfeste det, seier Trovik.

AI kreftforskning

Matematikar Erlend Hodneland driv med kreftforskinga som tar i bruk kunstig intelligens ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Meir skreddarsydd behandling

For å få det til har dataekspertar, legar og andre fagfolk samarbeida ved Mohn Medical Imaging and Visualization Center på Haukeland universitetssjukehus.

Matematikar Erlend Hodneland og molekylærbiologi Erling Høivik er blant forfattarane av ein forskingsrapport som nyleg vart presentert i det anerkjende medisinske tidsskriftet Communications Biology.

– Det vil kunne føre til enno meir skreddarsydd behandling, meir skånsam behandling for dei som ikkje treng så omfattande behandling og ein meir omfattande behandling for dei som elles ikkje vil overleve sjukdomen sin, seier forskingsleiar Ingfrid Haldorsen.

ai kreftforskning

Forskingsleiar Ingfrid Haldorsen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Forskarane trur dei har tatt eit stort steg mot at maskinar kan tolke data som menneske ikkje kan eller har tid til.

– På sikt kan vi komme dit at ein maskin først teiknar svulsten, så analyserer eigenskapane ved svulsten raskt og fortel deg at denne pasienten har høgare risiko for å få tilbakefall, seier Haldorsen.

– Det kan peike på kva behandling pasienten ideelt sett må få, utan at ein treng ein biopsi, held ho fram.