Hopp til innhold

Kumøkk skal skremme vekk folk som campar ulovleg

Villcampinga i Lodalen i Nordfjord har vore til sjenanse for grunneigarane. No tar dei i bruk nye metodar for å ta eigedomane sine tilbake.

Når kvigene har gjort frå seg rundt på bøane, vil ikkje folk telte til slutt, håpar Sæten.

OMSTRIDD: Vakre Lodalen blir stadig meir populær blant norske turistar. Men grunneigarane vil villcampinga til livs.

Foto: Målfrid R. Sæten

Idylliske Lodalen, og særleg staden Breng, er ein populær bade- og villcampingplass.

Sjølv med eit «camping forbode»-skilt, fare for flaumskred og ingen toalett, dukkar det stadig opp fleire folk med telt i den populære «instagram-bygda».

No prøvar ein av grunneigarane ein ny strategi: nemleg kumøkk.

– Når kvigene har gjort frå seg rundt på bøane, vil ikkje folk telte til slutt, håpar Målfrid Romsøe Sæten.

Vil ha vekk telta

Familien Sæten har kyr på beite på Breng i Lodalen, men førebels ser det ikkje ut til at turistane er særleg redde dei firbeinte.

– Vi håpar at å ha dyr her hjelper mot villcampingen. Dette er ei naturperle kor det skal vere stille og fredeleg. Her skal ikkje vere mykje telt, seier Sæten.

Det var Fjordingen som nemnde saka først.

Det er ikkje turistane Sæten vil ha vekk, det er telta.

– Turistane skal kome hit i fred og kose seg, ta bilete og slappe av.

Målfrid Romsøe Sæten håpar kvigene hennar vil holde teltturistar vekke frå bøane.

OPTIMIST: Grunneigar Målfrid R. Sæten håper kvigene hennar skal halde villcamparane vekke.

Foto: Harald Kolseth

– Bør respektere reglane

Vibeke Larsen og Stine Pettersen nyttar seg av campingplassen ved sidan av, og synast det er viktig at folk følgjer skiltinga om å ikkje campe ulovleg.

Forstår de at folk campar ulovleg her?

– Det er veldig fint her, men ein burde respektere lovane og reglane.

Larsen og Pettersen forstår at grunneigarane syns det er plagsamt at folk villcampar.

– Eg hadde ikkje hatt lyst å ha nokon i min hage. Eg forstår at camparar vil vere litt i fred ifrå andre, men då får man heller finne seg ein annan plass å villcampe enn populære Lodalen.

Når kvigene har gjort frå seg rundt på bøane, vil ikkje folk telte til slutt, håpar Sæten.

POPULÆR TURISTATTRAKSJON: Lodalen er ein populær naturperle som trekkjer mange turistar.

Foto: Målfrid R. Sæten

– Behov for eit felles samla grep

Reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, forstår kvifor grunneigar sjølv har tatt grep mot uønskt villcamping.

– Her har grunneigar tatt grep i mangel på løysing.

Lindvik meiner alle kan gjere nytte av ein felles utvikling.

Ho seier det er viktig å leggje til rette slik at det ikkje går utover trivselen på staden og innbyggjarane.

– Alt eksploderte

– Det er viktig at aktørar, destinasjon og kommune løfter dette i lag. Vi er avhengig av kvarandre. Vi har alle eit felles ansvar med kvar våre roller til å ta samfunnsansvar innen reisemålsutviklinga i Nordfjord, seier Lindvik.

Ordførar i Stryn, Per Kjøllestad, har tidlegare sagt til NRK at turistmengda i fjor sommar kom som ei stor overrasking på kommunen.

– Alt eksploderte, og det var stappande fullt i eit par månader. Eg trur det kan bli noko liknande i år.