Hopp til innhold

Kulden fekk flaske til å eksplodere: – Glad ungane ikkje var i bilen

Marthe Eimind fekk seg ein skikkeleg støkk då ei flaske eksploderte bak henne i bilen. – Rask temperaturendring, forklarer kjemikar.

Flaske eksploderte i baksetet på bil

FLYTTA SEG: «Eksplosjonen» fekk flaska til å sprette frå dørken i bilen og opp i barnesetet til sonen til Marthe Eimind.

Foto: PRIVAT

– Det kom eit stort smell og eg kjende at noko dryssa over meg, fortel Marthe Eimind, som bur på Folkestad i Fjaler.

På veg til arbeid tysdag morgon «eksploderte» det bak henne i bilen.

Eimind trudde det var takluka som hadde eksplodert og dryssa ned over henne i små bitar, men syndaren viste seg å vere ei flaske Farris som hadde vorte gløymt igjen bak i bilen.

Firda skreiv om hendinga først.

– Rask temperaturendring

– Eg køyrde heldigvis ganske seint, så det gjekk greitt å handtere situasjonen sjølv om eg kvapp. Men eg var ganske skjelven etterpå, seier Eimind.

Det har vore rundt ti minusgrader der Eimind bur.

Elisabeth Jacobsen er førsteamanuensis ved Institutt for kjemi ved NTNU i Trondheim. Ho forklarar hendinga slik:

– Det er både vatn og CO₂ og ulike saltar i denne farrisflaska. Alt er jo kjemikaliar og blir påverka av omgivnadene. Den raske temperaturforandringa er nok grunnen til at flaska sprengde inne i bilen, seier Jacobsen.

Flaske eksploderte i baksetet på bilen

DRYSSA NED: Eksplosjonen fekk innhaldet i flaska til å drysse utover bilen til Marthe Eimind.

Foto: PRIVAT

Glad sonen ikkje var i bilen

Krafta i «eksplosjonen» fekk flaska til å sprette frå dørken i bilen og opp i barnesetet til sonen hennar. Eimind var aleine i bilen då flaska sprengde. Det er ho glad for.

– Då eg såg korleis korken var riven av og at kanten på flaska var ganske kvass, så tør eg ikkje heilt tenke på kva konsekvensar det kunne fått om ungane var med, fortel ho.

Eimind seier ho no tenker meir over kva ho har med i bilen. Ho har delt eit innlegg på Facebook, og seier mange er glade for å blitt gjort merksame på dette.

– Eg kjem nok til å vere veldig påpasseleg i all ettertid, seier Eimind.

Marthe Eimind

FEKK SEG EIN STØKK: Marthe Eimind fekk seg ein støkk på køyreturen til arbeid, då ei flaske ho hadde i bilen plutseleg sprengde.

Foto: PRIVAT

Skulle ha vore «poffelyd»

Det er Ringnes som produserer Farris. Kommunikasjonssjef Nicolay Bruusgaard fortel at når ei flaske frys, så utvidar innhaldet seg om lag 10 prosent.

– Det blir då eit trykk i flaska og då kan plasten til slutt gje etter.

Han seier at normalen er at flaska då vil sprekke og gje frå seg ein relativt beskjeden «poffelyd».

– Kva som har skjedde i dette tilfellet er umogleg å seie utan meir informasjon, men det var godt at det gjekk bra, seier Bruusgaard.

Flaske eksploderte i baksetet på bilen

SYNLEG EKSPLOSJON: Det synte att i bilen til Marthe Eimind då ei Farris-flaske sprengde i baksetet.

Foto: PRIVAT