Hopp til innhold

Vart kritisert fordi ho fekk seg kjæraste: Fylkeskommunen braut lova

Både kommunelova og forvaltningslova vart brote då fylkespolitikarane vurderte habiliteten til ein politikar og ein byråkrat som vart kjærastar.

Karianne Torvanger

NØGD: Fylkespolitikar Karianne Torvanger (Ap) er glad for at konsulentrapporten gir henne medhald på fleire punkt.

Foto: Vestland Fylkeskommune

Dette går fram av ein omfattande rapport frå konsulentselskapet Deloitte som vart kjend måndag. Denne veka kjem saka opp i fylkestinget i Vestland.

  • På kva tidspunkt må ein utdanningspolitikar og utdanningsbyråkrat som finn kjærleiken gje omgjevnadene beskjed om det?
  • Korleis skal politikarkollegaer reagere når dei blir kjende med kjærleiksforholdet og får mistanke om inhabilitet?

Dette er bakteppet for at kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune gav revisjonsselskapet Deloitte i oppdrag å starte ei omfattande undersøking.

Kjærleik mellom opplæringsleiarar

I sentrum for historia er Karianne Torvanger. I løpet av 2019 fann ho tonen med Kenth Rune Teigen Måren, og på eit tidspunkt vart dei kjærastar.

Det var berre eitt problem: Ho var folkevald og han var byråkrat, begge i Vestland fylkeskommune.

Eller meir presist: ho var Arbeidarpartiets leiar i opplæringsutvalet, og han var leiar i opplæringsadministrasjonen.

Og med det slo både forvaltningslova og kommunelova inn, med sine reglar for habilitet.

Måtte orsake

Lovverket ramsar opp ulike relasjonar som kan vere problematiske: «svogerskap», «er eller har vore gift», «verje», «fostermor» – men ikkje kjærastar.

– Likevel burde dei to ha varsla sine overordna, uttalte ekspert i forvaltningsrett Jan Fridthjof Bernt, då saka vart kjend.

Torvanger måtte sende ei skriftleg orsaking til fylkestinget og til fylkestingsgruppa i Ap. Ho måtte også plikte seg til å samarbeide konstruktivt med administrasjonen.

Men samstundes er ho særs kritisk til fleire sider av saka mot henne.

Torvanger hevdar ho vart utsett for ein smertefull prosess som inneheldt både truslar, brot på fylkeskommunen sitt etiske regelverk og brot på kommunelova og forvaltningslova.

Karianne Torvanger

Karianne Torvanger varsla kontrollutvalet om det ho meiner er kritikkverdige forhold.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fekk ikkje innsyn

Konsulentselskapet Deloitte gir henne no støtte på fleire område.

  • Fleire, men ikkje alle forholda det er varsla om er kritikkverdige. Det er funne brot på forvaltningslova og kommunelova, men ikkje offentleglova.
  • Fleire av dokumenta Torvanger bad om innsyn i, vart ikkje sende over utan unødig opphald.
  • Delar av prosessen er ikkje dokumentert slik den skulle vore, noko som betyr at «varslaren ikkje har fått innsyn i alle delane av prosessen».

Det var halde møter utan innkalling mellom fylkesordføraren og gruppeleiarane i dei andre partia, og det manglar referat frå vesentlege samtalar som har påverka saksgangen.

«Samla har desse manglane bidrege til å undergrave tilliten til prosessen frå varslaren si side», heiter det i rapporten.

– Eg føler rapporten gir meg medhald i ein del av desse sakene. Det synest eg er veldig bra, seier Torvanger, som legg til at det har vore ei krevjande sak.

Manglande informasjon

Undersøkinga avdekkjer også at det skjedde feil i sakshandsaminga då Torvanger søkte om fritak frå vervet som utvalsleiar.

Permisjonstida vart utvida utan at Torvanger hadde søkt om det, og utan at ho fekk informasjon om det. Deloitte konkluderer med at dette er «uheldig».

Samtidig blir det slått fast at fylkeskommunen ikkje handsama innsynskrava hennar fullt ut i samsvar med relevant lovkrav.

Torvanger meiner også at politikarar har forsøkt å påverke henne til å få kjærasten til å bytte jobb. Men dette har ikkje Deloitte funne bevis for har skjedd.

I varselet fortel ho også om at ho vart utsett for «utilbørleg press/truslar» om å ikkje delta i eit fylkestingsmøte i juni 2021. Deloitte seier dei ikkje kan dokumentere dette, og at ulike personar har opplevd situasjonen ulikt. Men Deloitte understrekar «at det er uheldig at ein folkevald opplever seg pressa frå å ivareta sin plikt og rett».

Jon Askeland

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) seier det var viktig å behandle saka raskt.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

– Måtte behandle saka raskt

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) viser til at det har vore ei betent sak.

Han seier den vart løyst under tidspress der samtlege gruppeleiarar ga uttrykk for at dei skulle haldast informert fram til fylkestinget avgjorde saka. Behovet for rask saksbehandling gjorde at enkelte møte ikkje vart protokollert «slik ein kjenner til», ifølge Askeland.

I ein eigen høyringsuttale i rapporten skriv fylkesordføraren: «Ingen av partia etterspurde heller protokollar frå informasjonsmøta med dei, dette fordi det aldri vart fatta vedtak, og at møta var lukka.»

I tillegg viser han til at saka vart behandla under pandemien då alt var nedstengd og all kommunikasjon skjedde på Teams.

– Eg tek kritikken til vitande, og så håper eg vi ikkje kjem borti liknande saker seinare.

Han meiner den viktigaste lærdommen er at dersom folkevalde står i ei mogleg habilitetssak, så må det opplysast om.