Hopp til innhold

Karianne måtte be om unnskyldning fordi ho ikkje fortalde om kjærasten

Kjærleikslivet til Karianne Torvanger var i dag eit eige punkt på fylkestinget i Vestland. Så vart alle einige om at det var best å ikkje ta debatten.

Karianne Torvanger

HO MØTTE HAN: I løpet av 2019 fann Karianne Torvanger tonen med Kenth Rune Måren, og på eit tidspunkt gjekk den gode tonen over til å bli noko meir.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Er utdanningspolitikar pluss utdanningsbyråkrat lik sant? Når går stolne blikk og usagde ord over til å bli ein kjærleiksrelasjon?

Og på kva tidspunkt skuldar du å gjere omgjevnadene dine merksam på at du har funne kjærleiken?

Det er spørsmåla i kjærleiksdramaet som i dag fann vegen heilt inn på fylkestinget i Vestland, under posten «Vurdering og konkludering kring sak om habilitet – Karianne Alette Torvanger».

I sentrum for historia er nemnde Karianne. I løpet av 2019 fann ho tonen med Kenth Rune Teigen Måren, og på eit tidspunkt gjekk den gode tonen over til å bli noko meir.

Dei vart rett og slett kjærastar, og kjærleiken er størst av alt.

Det var berre eitt problem.

Ho var folkevald og han var byråkrat.

Eller meir presist: ho var Arbeidarpartiet-politikar i fylkeskommunen, attpåtil leiar i opplæringsutvalet; og han var leiar i opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen.

Og med det slo både forvaltningslov og kommunelov inn, med sine regler for habilitet.

PÅ GULATINGET: Første historiske møte mellom fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland på Gulatinget i 2017.

VESTLAND FYLKESTING: Posten «habilitet – Karianne Alette Torvanger» sto på sakslista til fylkestinget i Vestland i dag.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Kasta på bålet av sine eigne

Lova ramser opp ulike relasjonar som kan vere problematiske: «svogerskap», «er eller har vore gift», «verje», «fostermor» – men ikkje kjærastar.

Likevel burde dei to ha varsla sine overordna.

Det seier ekspert i forvaltningsrett Jan Fridthjof Bernt.

– At ein folkevald har eit nært forhold til ein tilsett i administrasjonen vil vere eit mogeleg habilitetsproblem i saker der den tilsette har vore tungt inne i saka, seier han.

Det same seier advokatfirmaet Thommessen, som har granska saka.

I rapporten konkluderer dei med at Torvanger og seksjonssjef Måren ikkje har vore inhabile i sakene dei har handsama, men at dei likevel burde ha varsla sine .

Og med det var saka ute av verda? Nei, ho hadde berre byrja.

– Skikkeleg ille vart det då gruppeleiar i Ap, Anne Gine Hestetun, først fekk høyra det frå nokon andre, skriv redaktør i Sogn Avis, Arve Uglum.

Redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, er krassare:

– Arbeidarpartiet bør ta ein skikkeleg runde med seg sjølve og revurdere det køyret dei har lagt opp til. Dei har mangla politisk gangsyn, seier han.

Jon Askeland

STØRST AV ALT: – Eg heiar på kjærleiken. Dette skulle fylkeskommunen vore forutan, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Heilt hårreisande

Bakgrunnen var sakstilfanget som vart sendt ut frå Arbeidarpartiet i forkant av fylkestinget i dag.

I dette kravde partiet fire botsøvingar frå Torvanger.

  • Ho må gje ei skriftleg orsaking til fylkesordførar og fylkestinget.
  • Gruppestyret tilrår at Torvanger får ei skriftleg åtvaring frå fylkesordførar.
  • Torvanger må gje ei skriftleg orsaking til Vestland Arbeidarparti si fylkestingsgruppe.
  • Torvanger pliktar å gjenopprette eit positivt og konstruktivt samarbeid med administrasjonen. Om naudsynt med ekstern hjelp.

– Heilt hårreisande, seier Else Leona McClimans, når ho får sjå lista.

Ho er arbeidsrettsadvokat i Norsk Lektorlag og seier det er «påfallande» kor ofte det er kvinna – og ikkje mannen – som vert gjenstand for snakk og mediemerksemd når ein kjærleiksrelasjon hamnar i offentlegheita.

I 2013 bad kulturminister Hadia Tajik om at habiliteten hennar vart vurdert etter at ho vart saman med Høgre-politikar Stefan Heggelund.

Hadia Tajik

Ap PLUSS H: I 2013 bad den gong kulturminister Hadia Tajik om at habiliteten hennar vart vurdert etter at ho vart saman med Høgre-politikar Stefan Heggelund.

Foto: Stian Lysberg Solum

Professor i rettsvitskap, Eivind Smith, uttalte då at «det har oppstått litt småhysteri omkring habilitetsspørsmål» og at «du blir ikkje inhabil fordi du er kjæraste med nokon».

– Sitatet mitt frå 2013 står seg ganske godt, seier han no.

Han legg til:

– Om granskaren har rett i at ingen av partane hadde vore inhabile i noko vedtak, så er det neppe noko juridisk problem i denne saka heller.

Men var det eit politisk problem?

– Eg heiar på kjærleiken. Dette skulle fylkeskommunen vore forutan, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.

– Skjematisk tilnærming til kjærleik

Ikkje desto mindre sto «habilitet – Karianne Alette Torvanger» på sakslista til fylkestinget i Vestland i dag.

Men det vart ein kort seanse.

Fylkesordførar innleia tinget med å vise til at Torvanger allereie hadde bedt om unnskyldning for at ho ikkje informerte om forholdet tidlegare, og at gruppeleiarane i dei ulike parti var samde om at meir debatt ikkje var naudsynt.

Han la til:

– Eg vil legge til at ei skriftleg orsaking til fylkeskommunen er motteken.

Godt det stoppa her, seier Arve Uglum i Sogn Avis:

– Eg trur politikarane sparte seg for noko som kunne blitt veldig pinleg ved å halde dette som ei orienteringssak. Denne saka er ikkje viktig, men først og fremst privat.

Han legg til:

– Elles er eg litt forbausa over den skjematiske tilnærminga Ap og ein del andre tydelegvis ventar at folk skal ha til kjærleikslivet sitt.

NRK har vore i kontakt med Karianne Alette Torvanger og gruppeleiar i Vestland Arbeidarpartiet, Anne Gine Hestetun, men ingen av dei ynskjer å uttale seg om saka. Heller ikkje Kenth Rune Teigen Måren ønskjer å uttale seg.