I opningstalen på årsmøtet på Sunnfjord hotell i Førde, starta Støyva med å ta for seg dei to næringssakene som ikkje hadde gått heilt slik Sogn og Fjordane Arbeidarparti hadde håpa – gruvedriftssaka i Engebøfjellet i Vevring og Hydro si drift i Årdal og Høyanger.
På fjorårets årsmøte gjekk Arbeidarpartiet inn for å få gruvedrift i Vevring, og kjempar framleis hardt for å få planane realisert. I årets tale kom Støyva med skarp kritikk mot Miljøverndepartementet.
– Minner om uthaling
– Det er heilt uakseptabelt at Miljøverndepartementet har brukt eit år på å svare Naustdal og Askvoll kommune, og når svara kjem er pålegga, spørsmåla og vurderingane så diffuse og kompliserte at vi har problem med å forstå kva som er meint, sa fylkesleiaren frå talarstolen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Svaret som kom frå Miljøverndepartementet denne veka var eit førebels nei. Dei vil vite meir om konsekvensane for miljøet før dei tek ei endeleg avgjerd i saka om fjorddeponi i Engebøfjellet i Vevring.
– Frå min ståstad minner det om uthaling og obstruksjon. Her må fleirtalet i regjeringa bruke makta si. Dette industriprosjektet skal vi få til, sa Støyva.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Krev at Hydro tek ansvar
Også Hydro fekk seg ein liten øyresmekk frå Støyva etter at dei nyleg valde vekk Årdal som arena for eit testpilotanlegg. Anlegget skal få det aller siste i teknologi, utvikla av teknologisenteret i Årdal – men anlegget vart likevel lagt til Karmøy i staden for Årdal. Det var ikkje Arbeidarpartiet nøgd med.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Modernisering og utbygging av Hydro i Årdal og Høyanger har vore ei av dei viktigaste kjernesakene for meg og for Sogn og Fjordane arbeidarparti dei siste åra. Det var difor gledeleg at Hydro igjen ville investere i Norge, men det er uforståeleg at Hydro heller ikkje denne gongen prioriterer Årdal og Høyanger, seier Støyva.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han meiner no at det er Høyanger og Årdal sin tur til å bli prioritert, og krev at Hydro nok tek samfunnsansvar.
– Hydro i Årdal og Høyanger har sidan byrjinga av 1950-talet levert verdiskaping og resultat til storsamfunnet. Det er utruleg kva som har komme frå desse samfunna til storsamfunnet. Hydro må no vise samfunnsansvar og syte for at det vert levert gjennom prosjekt med investering i Årdal og Høyanger, kravde Støyva i talen.