Hopp til innhold

Rysta over førebels nei til deponi i Førdefjorden

– Det er totalt respektlaust av Miljøverndepartementet å bruke så lang tid på å finne ut at vi må ha meir kunnskap, seier stortingskandidat Jenny Følling frå Senterpartiet.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Onsdag sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell eit førebels nei til deponering av masse i Førdefjorden. Følling er provosert over at Miljøverndepartementet har brukt eit og eit halvt år på å kome fram til dette.

– Dersom dei ikkje hadde det dei trengde, burde dei for lenge sidan bede om tilleggsopplysningar, seier Følling.

Overskotsmasse må dumpast

Det er selskapet Nordic Mining som står bak gruveplanane i Engebøfjellet i Naustdal. Fjellet inneheld landets største førekomst av mineralet rutil, som mellom anna blir brukt som kvitningsstoff i tannkrem og måling.

Men skal det bli gruvedrift, må overskotsmassen dumpast i Førdefjorden, som har status som nasjonal laksefjord. Det dreiar seg om 250 millionar tonn masse som vil dekke tre kvadratkilometer av fjordbotnen.

Solhjell seier førebels nei

No er det fem år sidan utgreiinga av gruvedrifta starta. Høgre er positive til gruvedrift, Framstegspartiet vil ha drift, storebror i regjeringa, Arbeidarpartiet, er positive og det same er Senterpartiet.

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell

VIL HA MEIR UTGREIING: Bård Vegard Solhjell seier førebels nei.

Foto: Heidi Lise Bakke. / NRK

Miljøvernminister og naustedøl Bård Vegar Solhjell frå Sosialistisk Venstreparti har hatt den delikate saka på sitt bord i halvanna år.

– Det er for stor uvisse om mogleg spreiing av massar. Vi seier til Nordic Mining og kommunen at dei må skaffe meir informasjon. Vi skal sjå på saka på nytt etter det, men vi kan ikkje godta reguleringsplan og utsleppsløyve no, sa Solhjell til NRK onsdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVEDRIFT: Gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring vil skape 300 arbeidsplassar på sikt.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Meiner departementet trenerer saka

Og Solhjell har tunge faginstansar i ryggen. Klima og forureiningsdirektoratet rådde i mars i fjor til at det vart gjort undersøkingar av sirkulasjonsmønsteret i fjorden. Direktoratet for naturforvaltning meiner grunnlaget for å kunne treffe ei avgjerd er for mangelfullt. Havforskingsinstituttet krev også straummålingar og meiner tiltaket ikkje bør realiserast.

Problemet til Solhjell er at desse innspela var klare for eit år sidan. Og sjeldan snakkar dei raudgrøne partikameratane om kvarandre på denne måten.

– Eg er ganske rysta over Miljøverndepartementet. Dei har site så lenge på saka og først no bestemmer dei seg for at det trengst meir opplysningar. Dette vitnar om at departementet trenerer saka, seier Jenny Følling.

– Men vitnar det ikkje også om at dei prøver å ta omsyn til miljøet?

– Jo, men dei kunne ut mykje tidlegare om dei trengde fleire opplysningar. Då kunne kommune og aktørar starta dette arbeidet tidlegare.

Høgre vil jobbe for gruvedrift

Men også Høgre er rasande, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner saka er trist.

–Det er ei handlingsramma regjering. Blir det regjeringsskifte til hausten, skal vi jobbe for gruvedrift. Det kan sjå lyst ut for drift med Høgre i regjering, seier han.

Ap-leiar er skuffa

Nils P. Støyva (Ap)

SKUFFA: Ap-leiar Nils P. Støyva er oppgitt over eit førebels nei frå miljødepartementet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Vibeke Johnsen

LETTA: Vibeke Johnsen (SV) gler seg over utsetjinga.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ein annan som er oppgitt er Arbeidarparti-leiar Nils P. Støyva.

– Eg er skuffa fordi dette er ei sak det har vore jobba mykje med over mange år. To av regjeringspartia seier ja og det gjer også andre politiske parti. Eg meiner det er nok opplysningar til å setje gang dette store prosjektet.

Stortingskandidat for SV her i fylket, Vibeke Johnsen, derimot hadde ein god dag i går.

– Vi er veldig glade for det er teke omsyn til miljøet. Vi gler oss saman med miljørørsla. Det er mange som er opptekne over deponifri Førdefjord.

– Kan ikkje gamle med fjorden

Ho har sett seg føre å bade seg gjennom alle kommunane i valkampen, og kan unne seg eit ekstra langt bad i Førdefjorden.

– Vi gamblar ikkje med Førdefjorden og Vevring. Anten veit vi sikkert at miljøet blir skadelidande, elles er det før var-prinsippet som gjeld. Då er det ikkje snakk om noko sjødeponi.

Men Støyva føler seg trygg på at det blir gruvedrift til slutt.

– Vi har eit næringsdepartement og ein næringsminister som er positive til planane. Dette er ei viktig sak for heile Sogn og Fjordane. Det er snakk om 300 arbeidsplassar knytt direkte til gruvedrifta, seier Støyva.