Barmen har spelt heile si karriere i Sportsklubben Brann. Men ti dagar etter nachspiel-skandalen natt til 10. august vart det kjent at Kristoffer Barmen hadde fått sparken i Brann.
No tar bergensaren nye steg.
Barmen landa tysdag kveld på Ålesund lufthamn Vigra, og reiste så vidare til Color Line Stadion. Der var han overfor NRK tydeleg på kvifor han vil til AaFK.
– Lars Arne Nilsen. Det er ikkje berre korleis han er som trenar. Det er korleis han er som menneske.
Eit kvarter før midnatt tirsdag kom stadfestinga frå Aalesund om at Barmen er klar for klubben.
Sportsleg leiar i Aalesund Bjørn Erik Melland.
Foto: Per-IVar Kvalsvik / NRK– Kristoffer er ein god fotballspelar, og vil gje oss ein ny dimensjon inn i ein tøff haustsesong. Me har lukkast med å få inn ein spiss og ein midtbanespelar med kvalitetar som utfyller den solide troppen me har, og me føler oss klare til å kriga om eit opprykk i haust, seier sportsleg leiar Bjørn Erik Melland.
– Me er rimeleg trygge på at Kristoffer er klar for å jobba knallhardt i denne perioden for å lukkast på eigne og AaFK sine vegner, seier Melland.
Vil ikkje snakke om festen
Onsdag trefte NRK Lars Arne Nilsen på trening i Aalesund. Her fekk vi for første gang kommentar etter den offisielle signeringa av Barmen.
– Eg synst dette er hyggeleg. Eg og Barmen har vore saman nesten seks år i Brann og kjenner kvarandre godt. Vi har hatt våre «fighter», lært av kvarandre og veit kvar vi har kvarandre, seier Nilsen.
Nilsen hevdar han ikkje veit – eller kan – snakke om den mykje omtalte festen og nachspielet på Brann Stadion.
– Vi har berre snakka fotball. Det som har skjedd i Bergen har eg ikkje kommentar til. Eg kjenner ikkje til detaljane, seier Nilsen til NRK onsdag.
Nilsen viser til klubbleiinga for alle spørsmål om kva vurdering klubben har gjort om signeringa.
Barmen har ein svært kort kontrakt i Ålesund; berre fire månader.
– Han har vore gjennom ein tøff periode. Vi har gitt han ein sjanse til å kome i gang igjen, seier Nilsen.
– Ynskjer å leggja nachspiel-saka bak meg
Noverande Aalesund-trenar Nilsen trena Brann frå 2015 til i fjor sommar. Då gjorde dårlege resultat til at Nilsen og Brann avslutta samarbeidet.
Det var TV 2 som fyrst meldte at Barmen og Aalesund var nær ved å bli einige om ein overgang.
Seint tysdag kveld kom stadfestinga frå Brann om at Barmen er fristilt frå dei, som gjer han mogelegheita til å fortsetja karrieren i ein annan klubb.
– Eg ynskjer å leggja nachspiel-saka bak meg og bidra til å skapa ro rundt Brann, slik at spelarane og klubben kan konsentrera seg fullt ut om å redda plassen i eliteserien. Eg er lei meg for at eg handla som eg gjorde og for støyen det har skapt for klubben eg har vakse opp i og er glad i, seier Kristoffer Barmen i ein pressemelding.
– Av omsyn til ro for dei andre spelarane, klubben og behovet for fokus på det sportslege framover, er me glade for at me har blitt einige om ein avtale som også gir Barmen mogelegheita til å koma seg vidare, seier dagleg leiar Vibeke Johannessen.
Partane vil ikkje kommentera detaljane i avtalen.
PÅ PLASS: Kristoffer Barmen utanfor Color Line Stadion.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK