Årsaka er at det viser Stian Henriksen, ein av dei andre som budde i hybelhuset i Vieåsen, då han kom på jobb den morgonen Anne Slåtten vart drepen.
Måndag vart det vist til at Henriksen kom på jobb med tjukke hanskar på hendene. Det avviste han sjølv.
Viste bilete
Aktor Jogeir Nogva starta med å vise bilete frå overvakingskameraet av Henriksen, og sa at han gjekk ut frå at det ikkje var naudsynt å gå vidare med saka, men at kanskje Henriksen ville uttale seg på nytt.
Aktor misnøgd
Jogeir Nogva meinte at bileta ikkje viste ein person med hanskar, og var tydeleg misnøgd med at Blikra ville ha vist videoen i retten. Dommar Terje Mowatt meinte at dette hadde svært avgrensa bevisverdi, men opna likevel for at Henriksen kunne forklare seg på nytt.